Salmane 97
N11NN

Salmane 97

97
1 # 93,1+; Jes 42,10f Herren er konge!
Jorda skal jubla,
fjerne kystar skal gleda seg!
2 # 18,8f+; 89,15 Sky og mørker er omkring han,
rettferd og rett er grunnvoll for hans trone.
3 # 50,3 Eld går framfor han
og brenner opp hans motstandarar på alle kantar.
4Hans lynglimt lyser opp verda,
jorda ser det og skjelv.
5 # Mi 1,4 Fjella smeltar som voks for Herren,
for han som er herre over all jorda.
6 # 50,6; Jes 40,5 Himmelen forkynner hans rettferd,
alle folka ser hans herlegdom.
7 # 115,8; Jes 42,17; Hebr 1,6 Alle som dyrkar gudebilete
og skryter av avgudar,
skal bli til skamme.
Tilbe han, alle gudar!
8 # 48,12 # 97,8 Judas døtrer byane i Juda. Sion høyrer det og gleder seg,
Judas døtrer jublar, Herre,
over dine dommar.
9 # 47,3+ For du er Herren, Den høgste over all jorda,
høgt er du opphøgd over alle gudar.
10 # Am 5,15 Hat det vonde, de som elskar Herren!
Han vaktar sine trugne
og friar dei frå urettferdiges hand.
11 # 112,4 Lys bryt fram for den rettferdige
og glede for dei ærlege av hjartet.
12 # 30,5+ Gled dykk i Herren, de rettferdige,
lovsyng hans heilage namn!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk