Salmane 78
N11NN

Salmane 78

78
1Ein læresalme av Asaf.
Lytt, mitt folk, til mi lov,
vend øyra til orda frå min munn!
2 # 49,4f; Matt 13,35 Eg vil opna munnen og tala i bilete,
la gåter frå gammal tid strøyma fram.
3 # 44,2+ Det vi har høyrt og kjenner til,
det fedrane våre har fortalt oss,
4 # 22,31+ det løyner vi ikkje for deira born.
For neste slektsledd
vil vi lovprisa Herren,
hans velde og det underfulle han har gjort.
5 # 5 Mos 4,9f; 6,6f Han sette opp lovbod i Jakob,
gav ei lov i Israel
som han baud våre fedrar
gjera kjend for sine born,
6så neste slektsledd,
dei born som sidan vart fødde,
skulle læra lova å kjenna.
Dei skulle stå fram
og kunngjera henne for sine born,
7så dei kunne setja si lit til Gud
og ikkje gløyma Guds gjerningar,
men halda hans bod.
8 # 5 Mos 9,6.13; 31,27; Sal 95,8ff Dei skulle ikkje bli som sine fedrar,
ei slekt som var trassig og opprørsk,
ei slekt som ikkje gjorde hjartet fast
og ikkje var trufast mot Gud i si ånd.
9Efraim-folket, væpna med bogar,
snudde på stridens dag.
10Dei heldt ikkje Guds pakt
og nekta å følgja hans lov.
11Dei gløymde hans gjerningar,
dei underfulle verk han hadde synt dei.
12 # 78,12 Soan by i Nil-deltaet (Tanis). Jf. 4 Mos 13,22. Han gjorde under for deira fedrar
i Egypt, på markene ved Soan.
13 # 2 Mos 14,21f Han kløyvde havet og førte dei over
medan han lét vatnet stå som ein voll.
14 # 2 Mos 13,21f; 4 Mos 14,14; 5 Mos 1,33; Sal 105,39 Om dagen leidde han dei i ei sky,
heile natta i ein lysande eld.
15 # 2 Mos 17,6; 4 Mos 20,11 Han kløyvde berga i øydemarka
og lét dei drikka som frå det store djupet.
16Han lét bekker strøyma fram or fjellet,
lét vatnet renna ned som elvar.
17Men dei heldt fram med å synda mot han,
dei trassa Den høgste i det tørre landet.
18 # 2 Mos 14,11f; 16,3 Dei sette Gud på prøve i sitt hjarte
då dei kravde mat til seg sjølve.
19 # Mark 8,4 Dei tala mot Gud.
Dei sa: «Kan Gud dekkja bord i ørkenen?
20Vel slo han på berget så vatnet rann
og bekkene fløymde fram.
Men kan han òg skaffa brød
eller sørgja for kjøt til sitt folk?»
21 # 4 Mos 11,10 Herren høyrde det, vart han harm.
Ein eld braut ut mot Jakob,
vreide reiste seg mot Israel
22fordi dei ikkje stola på Gud
og leit på hans frelse.
23Han gav bod til skyene i det høge
og opna himmelens dører,
24 # 2 Mos 16,4ff; Joh 6,31 han lét manna regna over dei til føde,
han gav dei korn frå himmelen.
25Englebrød fekk menneska eta.
Gud sende mat, og dei vart mette.
26 # 4 Mos 11,31ff Han lét austavinden fara ut frå himmelen,
førte sønnavinden fram ved si makt.
27Han lét kjøt regna ned over dei som støv,
fuglar så mange som havsens sand.
28Midt i leiren lét han dei falla,
rundt omkring telta.
29Dei åt seg meir enn mette,
han gav dei det dei hadde lyst på.
30Men før dei hadde snudd seg bort frå det,
medan dei enno hadde mat i munnen,
31då reiste Guds vreide seg mot dei.
Dei kraftigaste blant dei drap han,
Israels unge menn tvinga han i kne.
32 # 4 Mos 14,1ff; Sal 106,24 Likevel heldt dei fram med å synda
og leit ikkje på hans underfulle verk.
33Så lét han deira dagar enda i ein pust,
deira leveår i redsle.
34Når han drap, søkte dei han,
dei vende om og leita etter Gud.
35 # 18,3+ Dei kom i hug at Gud er deira berg,
at Gud, Den høgste, er deira utløysar.
36 # Jes 29,13; Jer 12,2 Likevel narra dei han med munnen,
dei laug for han med tunga.
37Hjartet heldt ikkje fast ved han,
dei var ikkje trufaste mot hans pakt.
38 # 2 Mos 34,5ff Men han var miskunnsam,
han tilgav synda og øydela dei ikkje.
Gong på gong heldt han att sin vreide
og sleppte ikkje all sin harme laus.
39 # 103,14ff Han kom i hug at dei var av kjøt og blod,
vind som fer av stad og ikkje vender attende.
40Kor ofte trassa dei han ikkje i ørkenen!
I øydemarka gjorde dei han sorg.
41Stadig sette dei Gud på prøve
og krenkte Israels Heilage.
42Dei hugsa ikkje at han greip inn
den dagen han fria dei frå fienden,
43då han viste sine teikn i Egypt,
sine underfulle verk på markene ved Soan.
44 # 2 Mos 7,20f; Sal 105,29 Han gjorde elvane til blod,
ingen kunne drikka av bekkene.
45 # 2 Mos 8,6; Sal 105,30 Han sende insekt som åt dei,
og frosk som øydela.
46 # 2 Mos 10,12ff; Sal 105,34 Han lét grashoppa gnaga opp avlinga,
grashoppesvermen fekk grøda.
47 # 2 Mos 9,23ff Han øydela vinstokkane med hagl
og morbærtrea med frost.
48Han sende hagl over feet
og eld over buskapen.
49 # 2 Mos 12,29; 2 Sam 24,16; 2 Kong 19,35 Han sende mot dei sin brennande vreide,
harme, sinne og trengsle,
englar vart sende med ulukke.
50Han bana veg for sin vreide
og sparte dei ikkje for døden,
men overgav deira liv til pesten.
51 # 78,51 Ham etter 1 Mos 10,6 stamfar til egyptarane. Han slo alle førstefødde i Egypt,
førstegrøda av krafta i Hams telt.
52 # 77,21+ Så lét han folket sitt dra ut som sauer,
i ørkenen førte han dei som ein flokk.
53 # 2 Mos 14,19ff Han leidde dei trygt, dei frykta ikkje,
havet skylde over fienden.
54 # 2 Mos 15,13.17 Han førte dei til sitt heilage land,
til fjellet hans høgre hand hadde vunne.
55 # 44,3+ Han dreiv folkeslag bort for dei
og målte ut eigedom til dei med målesnor.
Han lét Israels stammar flytta inn telta.
56Men dei utfordra og trassa Gud, Den høgste,
og heldt ikkje hans bod.
57 # Hos 7,16 Dei drog seg tilbake
og var trulause som sine fedrar,
dei svikta, lik ein boge som blir slakk.
58 # 5 Mos 32,16.21 Med sine offerhaugar gjorde dei han rasande,
med avgudsbilete gjorde dei han sjalu.
59Gud høyrde det og vart harm,
han vraka Israel heilt og fullt.
60 # Jer 7,12 # 78,60 Sjilo by i Efraim. Teltheilagdomen stod her. Jf. Jos 18,1. Han gav opp sin bustad i Sjilo,
det teltet han budde i blant menneske.
61 # 78,61 si makt her kanskje om paktkista. =Guds bustad. Jf. 1 Sam 4,10ff. Han overgav si makt til fangenskap,
sin glans i handa til fienden.
62Han overgav folket sitt til sverdet,
han vart harm på sin eigedom.
63Elden øydde deira unge stridsmenn,
jentene fekk ingen bryllaupssong.
64Prestane deira fall for sverd,
enkjene fekk ikkje gråta.
65Då vakna Herren lik ein som har sove,
lik ein stridsmann drukken av vin.
66Han slo motstandarane sine tilbake
og gav dei evig skam.
67Han vraka Josefs telt,
han valde ikkje ut Efraims stamme.
68 # 1 Sam 16,1ff Men Judas stamme valde han,
og Sion-fjellet, som han elskar.
69 # 48,3+ Han bygde sin heilagdom lik den høge himmelen,
lik jorda, som han grunnla for alltid.
70 # 1 Sam 16,11ff Han valde ut David,
frå sauekvea henta han sin tenar.
71 # 2 Sam 7,8 Han førte han bort frå søyene
så han skulle gjeta Jakob, hans folk,
og Israel, hans eigedom.
72Han gjette dei med eit heilt hjarte
og leidde dei med kunnig hand.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk