Salmane 59
59
1 # 1 Sam 19,11ff; Sal 57,1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David, då Saul sende folk som skulle vakta på huset for å drepa han.
2 # 31,16 Gud, fri meg frå fiendar,
vern meg mot dei som reiser seg mot meg!
3Fri meg frå dei som gjer urett,
frels meg frå drapsmenn!
4 # 10,9 No ligg dei og lurer på meg.
Dei sterke kastar seg over meg,
men brot eller synder har eg ikkje gjort, Herre.
5 # 7,7+ Eg er utan skuld,
men dei spring fram og stiller opp til strid.
Vakna, kom til meg og sjå!
6 # 56,8 Gud, Herre Sebaot, du er Israels Gud.
Vakna og hald rekneskap med alle folk,
ver ikkje nådig mot dei som fer med urett og svik! Sela
7Dei kjem att kvar kveld,
dei hyler som hundar
og går rundt i byen.
8 # 55,22; Ordt 15,28 Høyr, dei lèt munnen renna over,
leppene er som sverd.
Er det nokon som høyrer?
9 # 2,4+ Men du, Herre, ler av dei,
du håner alle folkeslag.
10 # 9,10+ Min styrke, eg ser etter deg,
for Gud er mitt vern.
11 # 91,8; 92,12; 118,7 Min Gud møter meg med miskunn,
han lèt meg sjå ned på mine fiendar.
12 # 109,10 Drep dei ikkje, for då gløymer folket.
Styrt dei med makt
så dei må flakka omkring, Herre, vårt skjold!
13 # Ordt 12,13 Orda dei har på leppene,
er synd frå deira munn.
Lat dei fangast i sitt hovmod!
Dei talar forbanning og løgn.
14 # 59,14 Jakob står her for Israels folk. Gjer ende på dei i din harme,
gjer ende på dei, så dei ikkje meir er til.
Så skal dei skjøna
at det er Gud som rår i Jakob,
heilt til endane av jorda. Sela
15Dei kjem att kvar kveld,
dei hyler som hundar
og går rundt i byen.
16Dei flakkar om etter mat,
dei knurrar om dei ikkje blir mette.
17 # 92,2f; 135,3; 147,1 Men eg vil syngja om di makt
og jubla kvar morgon over di miskunn.
For du har vorte mitt vern,
ei tilflukt den dagen eg er i naud.
18Min styrke, eg vil syngja for deg,
for Gud er mitt vern,
min Gud som viser miskunn.
Markert nå:
Salmane 59: N11NN
Marker
Del
Kopier
Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).