Salmane 42
N11NN

Salmane 42

42
Andre boka
Salme 42–72
1 # 42,1 Andre boka Den bibelske salmeboka er i =masoretteksten inndelt i fem hovuddelar. Kvar del sluttar med ei velsigning, jf. 41,14; 72,18f; 89,53; 106,48; 146–150. Sal 42 og 43 var opph. éin salme. Jf. 42,6.12; 43,5. Korah-songarane levittar av Korah-ætta, som hadde ansvar for songen i tempelet. Jf. 2 Krøn 20,19. Til korleiaren. Ein læresalme. Av Korah-songarane.
2Som hjorten lengtar etter bekker med vatn,
lengtar mi sjel etter deg, min Gud.
3 # 63,2; 84,3; 143,6 Mi sjel tørstar etter Gud,
etter den levande Gud.
Når skal eg få koma fram for Guds andlet?
4 # 79,10; 102,10; 115,2; Joel 2,17 Tårer er mitt brød dag og natt.
Dagen lang spør dei meg:
«Kvar er din Gud?»
5 # 42,5 vandra eg i festskaren Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Dette minnest eg,
min lengsel vell fram:
Til Guds hus vandra eg i festskaren
med jubelrop og lovsong
– ein pilegrimsskare i fest.
6 # 42,12; 43,5 Kvifor er du sorgtyngd, mi sjel,
kvifor er du uroleg?
Eg vil venta på Gud!
Endå ein gong skal eg prisa han,
min frelsar og min Gud.
7 # 42,7 Jordan- og Hermonlandet området nær Jordan-kjeldene, ved foten av Hermon-fjellet. berget Misár «det vesle berget», låg truleg i same området. Eg er sorgtyngd,
difor går min tanke til deg
frå Jordan- og Hermonlandet,
frå berget Misár.
8 # 69,3; 88,8 Djup ropar til djup
når dine fossar durar.
Alle dine bølgjer og brot
slår over meg.
9 # 92,3; 119,62 Herren sender si miskunn om dagen,
songen hans er hos meg om natta,
ei bøn til mitt livs Gud.
10 # 43,2 Eg seier til Gud, mitt berg:
«Kvifor har du gløymt meg,
kvifor må eg gå og sørgja
medan fienden plagar meg?»
11Mine fiendars hån går gjennom merg og bein.
Dagen lang spør dei meg: «Kvar er din Gud?»
12Kvifor er du sorgtyngd, mi sjel,
kvifor er du uroleg?
Eg vil venta på Gud!
Endå ein gong skal eg prisa han,
min frelsar og min Gud.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk