Ordtaka 29

29
1Den som ofte blir tala til rette og endå er stivnakka,
blir brått knust og kan ikkje lækjast.
2 # 11,10; 28,12.28 Når dei rettferdige blir mange, gleder folket seg,
når ein urettferdig herskar, sukkar folket.
3 # 10,1+; Luk 15,13.30 Den som elskar visdom, gleder far sin,
den som held lag med horer, øyder det han eig.
4 # 14,34 Ein konge byggjer opp landet med rett,
ein som lèt seg kjøpa med gåver, legg det i øyde.
5 # 11,9 Den som smiskar for nesten sin,
set eit garn for føtene hans.
6 # 12,13 Synda blir ei snare for den som er vond,
men den rettferdige kan jubla og gleda seg.
7 # 28,5; 31,9 Den rettferdige kjenner saka til dei fattige,
men den urettferdige er utan innsikt.
8Spottarar hissar opp heile byen,
dei vise får vreiden til å leggja seg.
9Når den vise har sak mot den dumme,
blir det sinne eller latter, men inga ro.
10Dei blodtørste hatar den som er from,
men dei rettskafne vil berga livet hans.
11 # 12,16 Ein dåre slepper alle sine kjensler ut,
den vise held dei att.
12Ein herskar som høyrer på løgn,
får berre kjeltringar til tenarar.
13 # 22,2 # 29,13 gjev begge lys i auga gjev dei livskraft. Jf. Sal 13,4. Fattig og undertrykkjar møtest,
Herren gjev begge lys i auga.
14 # 16,12; 20,28 Når ein konge dømmer dei fattige rettferdig,
står trona hans fast for alltid.
15 # 13,24; 22,15 Ris og tilrettevising gjev visdom,
men ein gut med frie taumar fører skam over mor si.
16 # Sal 37,35f Blir dei urettferdige mange, aukar synda,
men dei rettferdige får sjå at dei fell.
17 # 19,18 Oppdra son din, så gjev han deg ro
og fyller deg med glede.
18Utan openberring fer folket vill,
sæl er den som held lova.
19Ein slave lèt seg ikkje oppdra med ord,
han forstår dei nok, men bryr seg ikkje.
20 # 26,12; Fork 5,1 Ser du ein mann som er snar når han talar
– det er større håp for dåren enn for han.
21Skjemmer ein slaven sin bort frå han er ung,
endar det med at han blir ulydig.
22 # 14,29+ Den snarsinte valdar trette,
den hissige gjer mange feilsteg.
23 # 11,2+; Matt 23,12 Hovmod fører menneske til fall,
men den audmjuke vinn ære.
24 # 3 Mos 5,1 Helaren hatar sitt eige liv,
dei tek han i eid, men han vil ikkje vitna.
25 # 1 Sam 13,7–14; Sal 2,12+; Ordt 16,20 Den som er redd menneske, set ei snare for seg sjølv,
men den som stolar på Herren, har eit vern.
26Mange prøver å vinna velvilje hos ein herskar,
men eit menneske får sin rett frå Herren.
27Dei rettferdige avskyr den som gjer urett,
dei urettferdige avskyr den som lever rett.

Markert nå:

Ordtaka 29: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring