Ordtaka 27

27
1 # Jak 4,13f Pris deg ikkje lukkeleg over morgondagen,
for du veit ikkje kva han ber i sitt fang.
2 # 2 Kor 10,12.18 Ein annan skal prisa deg lukkeleg, ikkje din eigen munn,
ein framand, ikkje dine eigne lepper.
3Steinen er tung, og sand veg mykje,
men ein dum som er sint, er tyngre enn begge.
4 # 6,34f Harmen er grufull, vreiden er ein flaum,
men kven kan stå seg mot sjalusi?
5 # 3 Mos 19,17 Betre er open kritikk enn skjult sympati.
6 # Sal 141,5 Sår frå ein ven er til å lita på,
men fiendens kyss er svikefulle.
7Den mette vrakar den finaste honning,
alt beiskt smakar søtt for den svoltne.
8Lik ein fugl som flyg frå reiret,
er ein mann som flyg frå heimen.
9 # Sal 23,5; 45,8 Olje og røykjelse gleder hjartet,
god venskap styrkjer sjela.
10 # 18,24+ Gjev ikkje slepp på din ven
og på venen til far din;
gå ikkje heim til ein bror
på ulukkedagen din.
Betre med ein nær granne
enn ein bror langt borte.
11 # 23,15 Bli vis, son min, og gled mitt hjarte,
så eg kan svara dei som håner meg.
12 # 22,3 Den kløktige ser ulukka koma og gøymer seg,
dei vitlause går på og får si straff.
13 # 20,16 # 27,13 dei ukjende eller «ei framand kvinne». Ta kleda frå den som har kausjonert for ein framand,
ta pant i dei for dei ukjende!
14Når nokon velsignar sin neste
med høg røyst tidleg om morgonen,
er det å rekna som ei forbanning.
15 # 19,13; 25,24 Som stadig takdrop ein regnvêrsdag,
slik er ei trettekjær kvinne.
16Å gøyma henne er som å gøyma vinden
eller å gripa olje med handa.
17Jern kvesser jern,
og det eine mennesket kvesser det andre.
18 # Matt 25,14–30 Den som passar på fikentreet, får eta frukta;
den som tek vare på herren sin, vinn ære.
19Som andlet speglar seg mot andlet i vatnet,
finn det eine menneske sitt hjarte att hos det andre.
20 # 30,15f; Fork 1,8 Dødsrike og avgrunn blir aldri mette,
og menneskeauga får aldri nok.
21 # 17,3 Sølv prøver ein i digelen
og gull i smelteomnen,
og mannen når han får ros.
22Støyter du den dumme i mortaren
og knuser han saman med kornet,
går dumskapen likevel ikkje av han.
23 # 12,10 Merk deg korleis sauene ser ut,
syt vel for buskapen din!
24 # 1 Tim 6,7 For rikdom varer ikkje evig.
Går eit diadem frå slekt til slekt?
25Når nytt gras kjem til syne etter slåtten
og høyet frå fjella er samla inn,
26då har du lam som gjev deg klede,
og bukkar til å kjøpa jord for,
27du har geitemjølk nok til å fø deg sjølv og ditt hus
og livsopphald for tenestejentene.

Markert nå:

Ordtaka 27: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring