Markus 9

9
1 # 13,30 Og han la til: «Sanneleg, eg seier dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå at Guds rike har kome med kraft.»
Læresveinane får sjå Jesu herlegdom
(Matt 17,1–13; Luk 9,28–36)
2 # 5,37+ Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira, 3og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite. 4Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus. 5#9,5 Rabbi tittel på dei jødiske lovlærarane. Ordet tyder «lærar». Jf. Joh 1,38. Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» 6Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde. 7#5 Mos 18,15; Matt 3,17+; Mark 1,11 Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!» 8Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.
9 # 1,44+ På vegen ned frå fjellet forbaud han dei å fortelja nokon kva dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde. 10Dei merka seg det ordet og diskuterte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde. 11#Mal 4,5#9,11 Elia >6,15. «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» spurde dei. 12#Jes 53,3f Jesus svara: «Elia kjem først og set alt i rett skikk. Kvifor står det så skrive om Menneskesonen at han skal lida mykje og bli vanvørd? 13#Matt 11,14 Men eg seier dykk: Elia er alt komen, og dei gjorde med han som dei ville, slik det står skrive om han.»
Jesus lækjer ein gut med ei vond ånd
(Matt 17,14–21; Luk 9,37–43)
14Då dei kom tilbake til dei andre læresveinane, såg dei at ei stor folkemengd var samla omkring dei, og nokre skriftlærde som var i ordskifte med dei. 15Straks folket fekk auge på Jesus, vart dei gripne av otte og undring, og dei sprang imot han og helsa. 16«Kva er det de er usamde om?» spurde han. 17Ein i flokken svara: «Meister, eg er komen til deg med son min; han har ei ånd som gjer han stum. 18Når ho tek tak i han, kastar ho han over ende, skummet står ut av munnen, og han skjer tenner og blir heilt stiv. Eg bad læresveinane dine driva ånda ut, men dei makta det ikkje.» 19Då sa Jesus til dei: «Du vantruande slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med han!» 20Dei førte guten bort til han, og med det same ånda fekk sjå Jesus, reiv og sleit ho i guten så han fall til jorda og velte seg med skum om munnen. 21«Kor lenge har han hatt det slik?» spurde Jesus. «Frå han var liten», svara faren. 22#9,22 ha medkjensle >1,41. «Ofte har ånda kasta han både i eld og i vatn for å ta livet av han. Men om du kan, så ha medkjensle med oss og hjelp oss!» 23#11,23f «Om eg kan?» svara Jesus. «Alt er mogleg for den som trur.» 24Straks ropa faren: «Eg trur, hjelp mi vantru!» 25Då Jesus såg folk strøyma til, truga han den ureine ånda og sa: «Du stumme og døve ånd, eg byd deg: Far ut av han, og kom aldri meir tilbake!» 26#1,26 Då skreik ho høgt, reiv og sleit i han og fór ut. Guten låg livlaus, og alle sa at han var død. 27Men Jesus tok han i handa og hjelpte han opp, og han reiste seg.
28Då Jesus var komen i hus og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?» 29#9,29 og faste Orda manglar i nokre handskrifter. Han svara: «Dette slaget kan berre drivast ut med bøn {{og faste}}.»
Jesus talar igjen om at han skal døy og stå opp att
(Matt 17,22–23; Luk 9,44–45)
30Dei drog ut derifrå og la vegen gjennom Galilea. Han ville ikkje at nokon skulle vita om det, 31#Hos 6,2; Matt 16,21+; Mark 8,31; 10,33f#9,31 tre dagar etter >8,34. for han heldt på å undervisa læresveinane sine. Han sa til dei: «Menneskesonen skal gjevast over i hendene på menneske; dei skal slå han i hel. Tre dagar etter skal han stå opp att.» 32Men dei skjøna ikkje kva han sa, og dei våga ikkje å spørja han.
Kven er den største?
(Matt 18,1–5; Luk 9,46–48)
33Så kom dei til Kapernaum. Og då han vel var heime, spurde han dei: «Kva var det de snakka om på vegen?» 34Dei tagde, for på vegen hadde dei vore usamde om kven som var den største. 35#10,43f Då sette han seg, kalla til seg dei tolv og sa til dei: «Om nokon vil vera den første, må han vera den siste av alle og tenar for alle.» 36Så tok han eit lite barn og sette det midt imellom dei. Han la armen om barnet og sa til dei: 37#Matt 10,40; Luk 10,16; Joh 13,20 «Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men han som har sendt meg.»
For eller imot
(Matt 10,42; 18,6–7; Luk 9,49–50; 17,1–2)
38Johannes sa til han: «Meister, vi såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn. Vi freista hindra han sidan han ikkje var i lag med oss.» 39#1 Kor 12,3 Men Jesus sa: «Hindra han ikkje! For ingen som gjer ei mektig gjerning i mitt namn, kan like etter tala vondt om meg. 40#Matt 12,30 Den som ikkje er imot oss, er med oss.
41 # Matt 10,42 # 9,41 Kristus >1,1; 8,29. Den som gjev dykk eit beger vatn å drikka fordi de høyrer Kristus til – sanneleg, eg seier dykk: Han skal slett ikkje mista si løn. 42Den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, for han var det betre om dei hadde lagt ein kvernstein om halsen på han og kasta han i havet.
Stå fast i freisting
(Matt 18,8–10)
43 # Matt 5,30 # 9,43 helvete straffestaden i endetida. =helvete. Om handa di lokkar deg til fall, så hogg henne av! Det er betre for deg at du går lemlesta inn til livet, enn at du har to hender og kjem i helvete, til elden som aldri sloknar, 44#9,44.46 der … sloknar Orda manglar i dei eldste handskriftene. Jf. v. 48 og Jes 66,24. {{der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.}} 45Og om foten din lokkar deg til fall, så hogg han av! Det er betre for deg at du går halt inn til livet, enn at du har to føter og blir kasta i helvete, 46{{der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.}} 47#Matt 5,29 Og om auget ditt lokkar deg til fall, så riv det ut! Det er betre for deg at du går einøygd inn i Guds rike, enn at du har to auge og blir kasta i helvete, 48#Jes 66,24; Matt 7,23; 25,41; Jud 7; Op 20,10 der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.
49 # 9,49 og kvart … salt Orda manglar i dei eldste handskriftene. salt Det kristne livet blir her samanlikna med eit offer som etter 3 Mos 2,13 må saltast. =salt. For kvart menneske skal saltast med eld, {{og kvart offer skal saltast med salt.}} 50#Matt 5,13; Rom 12,18; Kol 4,6 Salt er ein god ting. Men mistar saltet si kraft, korleis skal de då gjera det salt att? Ha salt i dykk sjølve og hald fred med kvarandre!»

Markert nå:

Markus 9: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring