Mika 3

3
Griske hovdingar
1 # Hos 5,1 Eg sa:
Høyr, Jakobs hovdingar,
de leiarar i Israels hus!
Var det ikkje de
som skulle kjenna retten?
2 # Jes 5,20; Am 5,15 Men de hatar det gode og elskar det vonde.
De riv huda av folk
og kjøtet av beina deira.
3 # Sal 14,4; Esek 11,5ff; 24,1ff Dei et kjøtet av folket mitt,
huda flår dei av dei,
og beina deira knuser dei.
Dei breier det ut som i ei gryte,
som kjøtet i ein kjel.
4 # Jes 1,14f; Jer 11,11; Am 8,12 Når dei så ropar til Herren,
svarar han dei ikkje.
På den tid skal han løyna andletet for dei,
for dei har gjort vonde gjerningar.
Mot dei falske profetane
5 # Jer 6,14; Esek 13,10.16 Så seier Herren om dei profetane
som fører folket mitt vill,
som ropar «fred»
berre dei får noko å tyggja på,
men lyser heilag krig mot dei
som ikkje gjev dei munnen full:
6Difor skal det bli natt for dykk – utan syn,
og mørker – utan spådom.
Sola skal gå ned for profetane
og dagen formørkjast omkring dei.
7 # 3 Mos 13,45 # 3,7 løyna skjegget teikn på sorg. Då skal sjåarane bli til skamme
og spåmennene til spott.
Alle skal dei løyna skjegget,
for det kjem ikkje svar frå Gud.
8 # Jes 11,2; 58,1 Eg, derimot,
er full av styrke ved Herrens ande,
av rett og kraft,
så eg kan tala til Jakob om hans brot,
til Israel om hans synd.
Jerusalem skal falla
9 # Am 5,7 Høyr dette, de hovdingar i Jakobs hus,
de leiarar i Israels hus,
de som avskyr rettferd
og krøkjer det som er rett,
10som byggjer Sion med blod
og Jerusalem med urett!
11 # Esek 22,26f; Sef 3,3f Hovdingane hennar dømmer for betaling,
prestane tek løn for å undervisa,
profetane spår for pengar,
og likevel støttar dei seg til Herren og seier:
«Er ikkje Herren midt iblant oss?
Det hender ikkje oss noko vondt.»
12 # Jer 26,11 Difor:
Sion skal pløyast til åker,
Jerusalem skal bli til ruin
og tempelberget til haugar dekte av skog.

Markert nå:

Mika 3: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring