Mika 2

2
Verop over dei mektige
1 # Sal 36,5 Ve dei som tenkjer ut urett
og planlegg vondt
medan dei ligg i senga!
Når dagen gryr, set dei det i verk,
fordi det står i deira makt.
2 # 2 Mos 20,15.17; 1 Kong 21; Jes 5,8 Markene dei har lyst på, røvar dei,
husa tek dei,
og dei tvingar under seg
mannen og hans hus,
bonden og eigedomen hans.
3 # Am 5,13 Difor seier Herren:
Eg tenkjer ut ulukke over denne slekta,
den kan de ikkje fri nakken ifrå.
De skal ikkje lenger gå stolte ikring,
for dette blir ei vond tid.
4Den dagen skal dei syngja ei nidvise
og klaga ein klagesong over dykk.
«Vi er herja og øydelagde!
Jorda til folket mitt blir bortgjeven,
ja, teken frå meg.
Markene våre blir utdelte til fråfalne.»
5 # Sal 16,5f Då skal du ikkje ha nokon i Herrens forsamling
til å kasta lodd og dela ut jord.
6 # Jes 30,10; Am 7,16 «Hald opp med å profetera!» seier profetane.
«Slik må ingen profetera!
Tek skjellsorda aldri slutt?»
7Kva er det du seier, Jakobs hus?
Har Herren mista tolmodet?
Er det slik han fer fram?
Har eg ikkje gode ord
til dei som ferdast rett?
8Men folket mitt har alt stått fram som ein fiende.
De dreg kappa av fredelege folk.
Dei som vandrar trygt, blir krigsfangar.
9Kvinnene i folket mitt driv de bort
frå heimane dei var glade i.
De har for alltid
teke mi ære frå småborna hennar.
10Stå opp og gå!
For dette er ingen kvilestad.
Fordi han er urein, skal han øydeleggjast,
og øydelegginga er fæl.
11 # Esek 13,3ff Ein som fór med løgn og bedrag og sa:
«Eg spår for deg om vin og drikk»,
det ville ha vore ein profet for dette folket!
Herren vil samla Israels rest
12 # Jes 11,12; 40,11; Jer 23,3f; 29,14; 31,8; Esek 34,1ff; 37,21 Eg vil samla deg, Jakob, heile deg.
Eg vil sanka saman Israels rest,
føra dei saman som sauer i ei kve,
som ein bøling på beite,
ein ståkande flokk av menneske.
13Han som bryt igjennom, går føre dei.
Dei bryt igjennom og dreg ut av porten.
Kongen deira går føre dei,
Herren sjølv er i spissen for dei.

Markert nå:

Mika 2: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring