Mika 1

1
1 # 2 Kong 15,32ff; 16,1ff; 18,1ff; Jes 1,1 # 1,1 Moresjet by i Juda, jf. v. 14. Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet i dei dagane då Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda, det han såg om Samaria og Jerusalem.
Herren openberrar seg til dom
2 # 5 Mos 32,1; Sal 11,4; Jes 1,2; Jer 25,30; Hab 2,20 Høyr, alle de folkeslag!
Lytt, du jord
og alt som fyller deg!
Herren Gud skal vera vitne mot dykk,
Herren sjølv, frå sitt heilage tempel.
3 # Jes 26,21; Am 4,13 # 1,3 sin stad himmelen. Jf. Sal 2,4. Sjå, Herren går ut frå sin stad,
stig ned og skrid fram
over høgdene på jorda.
4 # Sal 97,5 Fjella smeltar under han,
og dalane rivnar,
som voks når det smeltar for elden,
som vatn når det renn utfor stupet.
5Alt dette
på grunn av Jakobs opprør
og Israels synder!
Kva er Jakobs opprør?
Samaria!
Og kva er Judas offerhøgder?
Jerusalem!
6Men eg skal leggja Samaria i ruinar
og gjera byen om til vinmarker.
Eg velter steinane ned i dalen
og legg grunnvollane hennar berre.
7 # 5 Mos 7,25; 12,2f; Hos 2,2ff Alle gudebileta hennar skal knusast,
alle horegåvene skal brennast,
og alle avgudsbileta vil eg øydeleggja.
Med horepengar har ho samla dei,
og til horeløn skal dei bli.
8 # Job 30,29; Jes 34,13 # 1,8 gå berrføtt og naken Jf. Jes 20,1ff. Difor må eg klaga og jamra,
gå berrføtt og naken omkring,
eg held klage som sjakalen,
har sorg som strutsen.
9For skaden hennar kan ikkje lækjast.
No står Juda for tur.
Det har nådd til mitt folks port,
til Jerusalem.
Klage over byane i Juda
10 # 2 Sam 1,20 # 1,10–16 På hebr. er det ei rad ordspel på stadnamna. Jf. òg Jes 10,28ff. Kunngjer det ikkje i Gat!
Ikkje gråt og klag!
Velt deg i støvet i Bet-Leafra!
11Dra bort naken og med vanære,
du som bur i Sjafir!
Ho som bur i Saanan,
kjem ikkje ut.
I Bet-Ha'esel held dei klage,
der får de ikkje støtte.
12 # Jes 45,7 Ho som bur i Marot,
ventar på lukke,
men ulukke frå Herren
kjem ned ved Jerusalems port.
13 # 1,13 Lakisj festningsby der hestar og stridsvogner var stasjonerte. dotter Sion Jerusalem, skildra som kvinne. Spenn hestane for vogna,
du som bur i Lakisj!
Der var opphavet
til synd for dotter Sion,
for hos deg er Israels opprør å finna.
14 # Jos 15,44 Difor må du gje skilsmissegåve til Moresjet-Gat.
Som ein uttørka bekk
er husa i Aksib for Israels kongar.
15 # 1 Sam 22,1 Endå ein gong sender eg ein for å hærta deg,
du som bur i Maresja.
Til Adullam kjem Israels pryd.
16 # Jer 7,29; Am 8,10 # 1,16 rak deg snau =sørgjeskikkar. gribb Gribben har ikkje fjør på hovudet. Klipp deg og rak deg snau
for borna du hadde kjær!
Klipp deg snau som ein gribb,
for dei er førte bort frå deg.

Markert nå:

Mika 1: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring