Matteus 15

15
Menneskebod og Guds bod
(Mark 7,1–23)
1Då kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa: 2#Luk 11,38#15,2 overleveringa frå dei gamle den munnlege lova som vart ført vidare frå dei store lovlærarane. =overlevering. skyl ikkje hendene jødisk reinsingsforskrift. =heilag og rein. «Kvifor bryt læresveinane dine overleveringa frå dei gamle? Dei skyl ikkje hendene før dei et.» 3«Og de», svara Jesus, «kvifor bryt de Guds bod av omsyn til dykkar eiga overlevering? 4#2 Mos 20,12; 21,17 For Gud har sagt: ‘Æra far din og mor di’ og: ‘Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy’. 5#15,5 gåve til tempelet >Mark 7,11. Men de lærer: ‘Den som seier til far sin eller mor si: Den hjelpa du skulle hatt frå meg, skal vera ei gåve til tempelet, 6#15,6 eller mor si Orda manglar i nokre handskrifter. han treng ikkje heidra far sin {{eller mor si}}.’ Slik har de sett Guds bod til sides av omsyn til dykkar eiga overlevering. 7De hyklarar! Jesaja profeterte rett om dykk då han sa:
8 # Jes 29,13 Dette folket ærar meg med leppene,
men hjartet er langt borte frå meg.
9 Dei dyrkar meg fåfengt,
for det dei lærer, er menneskebod.»
10Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr og forstå! 11Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint. Men det som går ut av munnen, det gjer mennesket ureint.»
12Då gjekk læresveinane til han og sa: «Veit du at farisearane vart støytte då dei høyrde dette?» 13Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har planta, skal rivast opp med rot. 14#23,16.24; Luk 6,39; Rom 2,19 Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde rettleiarar for blinde. Og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»
15Då tok Peter til orde og sa: «Forklar denne likninga for oss.» 16#16,9 «Forstår de enno ingen ting, de heller?» svara Jesus. 17«Skjønar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, går ned i magen og fer ut dit det skal? 18#Jer 17,9; Matt 12,34; Jak 3,6 Men det som går ut av munnen, kjem frå hjartet, og det gjer mennesket ureint. 19#Rom 1,29f; 13,13; 1 Kor 5,10f; 6,9f; 2 Kor 12,20; Gal 5,19ff; Ef 5,3ff; Kol 3,5ff; 1 Tim 1,9f For frå hjartet kjem vonde tankar, mord, ekteskapsbrot, hor, tjuveri, falskt vitnemål, spott. 20Slikt gjer mennesket ureint. Men å eta utan å skylja hendene gjer ikkje eit menneske ureint.»
Den kanaaneiske kvinna
(Mark 7,24–30)
21 # 15,21 Tyros og Sidon >11,21. Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon. 22#15,22 ei kanaaneisk kvinne «kanaaneisk» vil her seia at kvinna var ikkje-jøde. miskunna deg gr. eleison. >17,15. Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.» 23#15,23 Bli ferdig med henne I dette uttrykket kan det liggja ei oppmoding til å avvisa kvinna eller til å hjelpa henne og så la henne gå. Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss.» 24#10,5f; Rom 15,8 Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.» 25Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!» 26Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.» 27«Det er sant, Herre», sa kvinna, «men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira.» 28#8,10.13 Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart frisk frå same stunda.
Mange blir lækte
29 # Mark 7,31 Då Jesus drog derifrå, tok han vegen langs Galileasjøen, og han gjekk opp i fjellet og sette seg der. 30#11,5+ Då kom folk til han i store flokkar. Dei hadde med seg lamme, uføre, blinde og stumme og mange andre, og la dei ned for føtene hans, og han lækte dei. 31#Mark 7,37 Folket undra seg då dei såg stumme tala, uføre bli friske, lamme gå og blinde sjå. Og dei lova Israels Gud.
Jesus mettar fire tusen
(Mark 8,1–10)
32 # 14,14ff # 15,32 synest inderleg synd på >9,36. Jesus kalla læresveinane til seg og sa: «Eg synest inderleg synd på folket. No har dei alt vore hos meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. Eg vil ikkje la dei fara svoltne heim, for då kunne dei bli heilt utmatta på vegen.» 33Læresveinane svara: «Kvar kan vi få tak i brød her i øydemarka til å metta så mykje folk?» 34«Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju», svara dei, «og nokre småfiskar.» 35Då bad han folket setja seg på marka. 36Så tok han dei sju brøda og fiskane, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane, og læresveinane gav til folket. 37Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei brødbitane som var til overs, sju store korger. 38Dei som hadde ete, var fire tusen mann, forutan kvinner og born. 39Sidan lét Jesus folket fara heim, og han steig i båten og sette over til området ved Magadan.

Markert nå:

Matteus 15: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring