Lukas 6

6
Jesus og sabbaten
(Matt 12,1–14; Mark 2,23–3,6)
1 # 5 Mos 23,25 # 6,1 Ein sabbat Yngre handskrifter har ei lengre formulering, «på den nest første sabbaten». Jf. 4,16.31. Ein sabbat bar det så til at Jesus tok vegen langsmed nokre kornåkrar, og læresveinane reiv av aks, gneid dei mellom hendene og åt. 2Då sa nokre av farisearane: «Kvifor gjer de slikt som ingen har lov til å gjera på sabbaten?» 3#1 Sam 21,1ff Jesus svara: «Men har de ikkje lese kva David gjorde den gongen han og mennene hans svalt? 4#6,4 Guds hus her ein heilagdom i Nob like ved Jerusalem. Jf. 1 Sam 21,1. skodebrøda brød som skulle liggja framme i heilagdomen som ei offergåve til Herren. Dei vart skifte ut kvar sabbat og kunne då etast av prestane. Jf. 3 Mos 24,5–9; 1 Sam 21,1–6. =offer og soning. Han gjekk inn i Guds hus, tok skodebrøda og åt og gav dei som følgde han. Og dei brøda er det berre prestane som har lov å eta.» 5Og Jesus sa til dei: «Menneskesonen er herre over sabbaten.»
6Ein annan sabbat gjekk han inn i synagogen og underviste. Der var det ein mann med ei høgre hand som var vissen. 7#14,1ff#6,7 sabbaten >4,16. Dei skriftlærde og farisearane heldt auge med Jesus, om han ville lækja på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for. 8Men han kjende tankane deira og sa til mannen med den visne handa: «Reis deg opp og kom fram!» Han reiste seg og gjekk fram. 9«No spør eg dykk», sa Jesus, «kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller å gjera vondt, berga liv eller ta liv?» 10Han såg rundt seg på dei alle og sa til mannen: «Rett fram handa di!» Han så gjorde, og handa hans vart god att. 11Då vart dei heilt ifrå seg av sinne og tala med kvarandre om kva dei skulle gjera med Jesus.
Jesus kallar dei tolv apostlane
(Matt 10,1–4; Mark 3,13–19)
12I dei dagane gjekk han ein gong opp i fjellet og ville be, og han var der heile natta i bøn til Gud. 13#Apg 1,13f#6,13 apostlar gr. for «utsending» med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. =tenester. Då det vart dag, kalla han til seg læresveinane sine og valde ut tolv; dei kalla han apostlar. 14#6,14 Peter gr. attgjeving av aram. kefa, «berg». Det var Simon, som han òg kalla Peter, og Andreas, bror hans, Jakob og Johannes, Filip og Bartolomeus, 15#6,15 seloten I Matt 10,4 har han tilnamnet Kananeos, eit aram. ord med same tyding som det gr. ordet for «selot». =retningar innanfor jødedomen. Matteus og Tomas, Jakob, son til Alfeus, og Simon som dei kalla seloten, 16#6,16 Iskariot Tydinga av ordet er usikker. Somme set namnet i samband med eit aram. ord for «den falske», andre tolkar det som «ein mann frå Kerijot», ein stad i Judea. Judas, son til Jakob, og Judas Iskariot, han som vart svikar.
Jesus forkynner og lækjer
(Matt 4,23–25; Mark 3,7–10)
17 # 6,17 Tyros og Sidon bystatar på kysten av Fønikia ved Middelhavet. Står i evangelia som symbol på heidningverda og innbyggjarane der, som motsetning til Israel. Jf. Matt 15,21; Mark 3,8; Luk 10,13. Så gjekk han nedover att i lag med dei og vart ståande på ei slette. Der var ein stor flokk av læresveinane hans samla og ei mengd med folk frå heile Judea og Jerusalem og frå sjøbygdene ved Tyros og Sidon. 18#4,40f Dei var komne og ville høyra han og bli lækte for sjukdomane sine. Dei som var plaga av ureine ånder, vart òg friske. 19#Matt 14,36; Luk 8,45f Og alt folket prøvde å få røra ved han, for ut frå han gjekk det ei kraft som lækte alle.
Slettepreika
(6,20–49)
Sæle og usæle
(Matt 5,1–12)
20 # Jes 61,1 # 6,20 Sæle Det gr. ordet svarar til eit formelaktig hebr. uttrykk der eit menneske blir gratulert med lukka si i notid eller framtid. =sæle er dei. Då såg han opp, feste auga på læresveinane sine og sa:
«Sæle de fattige!
Guds rike er dykkar.
21 # Sal 126,5f; Jer 31,25; Op 7,16f Sæle de som no svelt!
De skal mettast.
Sæle de som no græt!
De skal le.
22 # Jes 66,5; Joh 15,19; 16,2; 1 Pet 4,14 Sæle er de når folk
for Menneskesonen skuld hatar dykk,
støyter dykk ut og spottar dykk
og kastar namnet dykkar frå seg som noko vondt!
23 # 2 Krøn 36,16; Matt 23,30ff; Apg 5,41; 7,52; Jak 5,10 Gled dykk på den dagen og hoppa av fryd,
stor er løna dykkar i himmelen.
Det same gjorde fedrane deira med profetane.
24 # Jes 5,8ff; Luk 16,25; Jak 5,1 Men ve dykk rike,
de har alt fått dykkar trøyst.
25 # Jes 65,13f Ve dykk som no er mette,
de skal svelta.
Ve dykk som no ler,
de skal sørgja og gråta.
26 # Jak 4,4 Ve dykk når alle talar vel om dykk.
For det same gjorde fedrane deira
med dei falske profetane.
Elsk fiendane dykkar
(Matt 5,38–48; 7,12)
27Men til dykk som høyrer på meg, seier eg: Elsk fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk, 28#Rom 12,14.17; 1 Kor 4,12; 1 Pet 3,9 velsign dei som forbannar dykk, og be for dei som mishandlar dykk. 29Slår nokon deg på det eine kinnet, så byd fram det andre òg. Tek nokon kappa frå deg, så nekt han ikkje skjorta heller. 30Gjev til kvar den som bed deg, og tek nokon frå deg det som er ditt, skal du ikkje krevja det att.
31Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei. 32Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å takka dykk for? Til og med syndarane elskar dei som viser dei kjærleik. 33#14,12 Og om de gjer vel mot dei som gjer vel mot dykk, er det noko å takka dykk for? Det gjer syndarane òg. 34#3 Mos 25,35f Og om de låner til dei som de ventar å få att av, er det noko å takka dykk for? Syndarar låner òg til syndarar når dei kan få like mykje att. 35Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån bort utan å venta noko att. Då skal løna dykkar vera stor, og de skal vera born av Den høgste. For han er god mot dei utakksame og vonde.
36 # 2 Mos 34,6 Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam.
Døm ikkje
(Matt 7,1–5)
37Døm ikkje, så skal de ikkje dømmast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømmast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving. 38Gjev, så skal de få: Eit godt mål, stappa, rista og overfylt, skal de få i fanget. For med det målet de sjølve måler med, skal det òg målast opp til dykk.»
39 # Matt 15,14; 23,16.24; Luk 6,39; Rom 2,19 Han fortalde dei òg ei likning: «Kan ein blind leia ein blind? Kjem ikkje begge til å falla i grøfta? 40#Matt 10,24f; Joh 13,16; 15,20 Ein lærling står ikkje over meisteren, men når han er utlært, blir han lik meisteren sin.
41Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje? 42Og korleis kan du seia til bror din: ‘Bror, lat meg ta flisa ut av auget ditt’, når du ikkje ser bjelken i ditt eige auge? Din hyklar! Ta først bjelken ut av ditt eige auge. Då ser du klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.
Treet og fruktene
(Matt 7,17–20; 12,33–35)
43Det finst ikkje noko godt tre som ber dårleg frukt, heller ikkje noko dårleg tre som ber god frukt. 44Treet kjenner ein på frukta. Dei plukkar ikkje fiken av tistlar og haustar ikkje druer av klunger. 45Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer i hjartet, og eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på. For det hjartet er fullt av, det seier munnen.
Huset bygd på fjell
(Matt 7,21–27)
46 # Mal 1,6; Jak 1,22 Kvifor kallar de meg ‘Herre, Herre!’ og gjer ikkje det eg seier? 47Den som kjem til meg og høyrer orda mine og gjer det dei seier, eg skal visa dykk kven han er lik. 48Han er lik eit menneske som ville byggja eit hus, og som grov djupt og la grunnmuren på fjell. Då flaumen kom, braut straumen mot huset, men kunne ikkje rikka det, for det var godt bygd. 49#Ordt 10,25; Esek 13,10ff Men den som høyrer og ikkje gjer etter det, han liknar eit menneske som bygde huset sitt på berre bakken, utan grunnmur. Då straumen braut mot huset, datt det med ein gong, og heile huset rasa saman.»

Markert nå:

Lukas 6: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring