3. Mosebok 6

6
Om brennofferet, grødeofferet og syndofferet
1 Herren sa til Moses: 2#1,3f Gjev dette påbodet til Aron og sønene hans:
Dette er lova om brennofferet: Brennofferet skal liggja på eldstaden på altaret heile natta, til det blir morgon, og der skal altarelden brenna. 3Presten skal kle seg i linkjortel og bera ei bukse av lin nærast kroppen. Han skal ta bort oska etter brennofferet som elden har tært opp på altaret, og leggja henne attmed altaret. 4#4,12 Så skal han ta av seg kleda, ha på seg andre klede og bera oska ut av leiren, til ein rein stad. 5Elden på altaret skal brenna og ikkje sløkkjast. Kvar morgon skal presten brenna ved på det, leggja brennofferet til rette på veden og la feittet av fredsofferet gå opp i røyk. 6Det skal alltid brenna eld på altaret; han må ikkje slokna.
7 # 2,1ff Dette er lova om grødeofferet: Arons søner skal bera det fram for Herrens andlet, fram til altaret. 8Presten skal ta ein neve av det fine mjølet og oljen til grødeofferet og all røykjelsen som er lagd på grødeofferet, og la det gå opp i røyk på altaret. Det er eit påminningsoffer til godange for Herren. 9Det som er att av offeret, kan berre Aron og sønene hans eta. Det skal etast usyra på ein heilag stad. I føregarden til teltheilagdomen skal dei eta det. 10Det må ikkje bakast med surdeig. Dette er den delen eg har gjeve dei av gåveoffera mine. Høgheilagt er det, på same måten som syndofferet og skuldofferet. 11Berre dei mennene som er ætta frå Aron, kan eta det. Dette er ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter om Herrens gåveoffer. Kvar den som rører ved dei, blir heilag.
12 Herren sa til Moses: 13#4 Mos 4,16#6,13 1/10 efa ca. 3,6 l. Dette er det offeret som Aron og sønene hans skal bera fram for Herren den dagen ein av dei blir salva: ein tiandedels efa fint mjøl. Det er det daglege grødeofferet som dei ber fram, halvparten om morgonen og halvparten om kvelden. 14#2,6 Med olje skal det lagast til på ei helle, og godt knadd skal det vera når dei kjem med det. Du skal dela det opp i småstykke og ofra det som grødeoffer, til godange for Herren. 15Den av Arons søner som blir salva til prest i staden hans, skal laga det til. Dette er ei evig forskrift frå Herren. Heile offeret skal gå opp i røyk. 16Alle grødeoffera til presten skal vera heiloffer; dei må ikkje etast.
17 Herren sa til Moses: 18#4,2ff Sei til Aron og sønene hans:
Dette er lova om syndofferet: På same staden som dei slaktar brennofferdyret, skal syndofferdyret òg slaktast for Herrens andlet. Høgheilagt er det. 19#4,22–5,13 Presten som ber fram syndofferet, skal eta det. På ein heilag stad skal det etast, i føregarden til teltheilagdomen. 20Kvar den som rører offerkjøtet, blir heilag. Om nokon får blod skvetta på kleda, skal dei vaskast reine på ein heilag stad. 21Leirkar som det blir kokt i, skal knusast. Dersom det er kokt i ein koparkjel, skal han skurast og skyljast med vatn. 22Alle menn som er prestar, kan eta av dette offeret. Høgheilagt er det. 23#16,27; Hebr 13,11 Men syndofferet må ikkje etast dersom ein har bore blod av det inn i teltheilagdomen for å gjera soning. Då skal det brennast opp.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring