Josva 23

23
Josva talar til folket
1 # 1,13; 11,23; 13,1; 14,15 Lenge etter, då Herren hadde late Israel finna kvile og få fred for fiendane omkring seg, på den tida Josva var gammal og langt oppi åra, 2hende det at Josva kalla heile Israel saman, dei eldste, hovdingane, dommarane og tilsynsmennene, og sa til dei:
Eg er gammal og langt oppi åra. 3#2 Mos 14,14+ De har sjølve vore vitne til alt det Herren dykkar Gud har gjort mot desse folkeslaga for dykkar skuld. For Herren dykkar Gud har sjølv kjempa for dykk. 4Sjå, eg har late stammane dykkar arva landet til dei folkeslaga som er att, og landet til alle folka som eg har utrydda, frå Jordan til Storhavet, der sola går ned. 5#2 Mos 23,31; 5 Mos 6,19Herren dykkar Gud vil sjølv driva folkeslaga ut føre dykk og ta landet frå dei, så de kan ta landet deira i eige, slik Herren dykkar Gud har lova dykk.
6 # 5 Mos 5,32; Jos 1,7 Lat dykk aldri rokka! Hald alt som står skrive i lovboka til Moses, og gjer etter det. Vik ikkje, korkje til høgre eller venstre! 7#2 Mos 23,13.24; 5 Mos 11,16 Gjev dykk ikkje i lag med desse folka som enno er att hos dykk. Ta ikkje namnet til gudane deira på tunga! Sver ikkje ved dei, dyrk dei ikkje og bøy dykk ikkje og tilbed dei! 8#5 Mos 10,20; Jos 22,5 Men hald fast ved Herren dykkar Gud, som de har gjort til denne dag. 9#5 Mos 4,38; 9,1; Jos 1,5; Am 2,9 For dykkar skuld har Herren teke land frå store og mektige folkeslag, men mot dykk har ingen til denne dag kunna stå seg. 10#3 Mos 26,8; Jos 23,1 Ein einaste av dykk kunne jaga tusen på flukt. For Herren dykkar Gud stridde sjølv for dykk, som han hadde lova dykk.
11 # 5 Mos 6,5+ Ta dykk no vel i vare, så de elskar Herren dykkar Gud. 12#2 Mos 34,16; 5 Mos 7,3 For dersom de verkeleg skulle halda dykk til desse folkeslaga som er att hos dykk, knyta slektsband og blanda dykk med dei, og dei med dykk, 13#2 Mos 23,33; 34,12; 4 Mos 33,55; 5 Mos 11,17; Dom 2,3 då skal de kjenna at Herren dykkar Gud ikkje lenger vil driva ut desse folkeslaga for dykkar skuld. Dei skal bli ei snare og ei felle for dykk, ein pisk over ryggen og tornar i auga, heilt til de blir utrydda frå dette gode landet som Herren dykkar Gud har gjeve dykk. 14#21,45; 1 Kong 2,2 Sjå, eg skal gå den vegen som alt her på jorda må gå. Men de skal få røyna av heile dykkar hjarte og heile dykkar sjel at ingen av lovnadene som Herren gav dykk, slo feil. Alt har vorte oppfylt, ikkje eit ord slo feil. 15#3 Mos 26,14ff; 5 Mos 28,15ff Men liksom de har fått alt det gode Herren dykkar Gud lova dykk, skal Herren òg la alt det vonde han varsla, koma over dykk, heilt til han får utrydda dykk frå det gode landet som han gav dykk. 16#5 Mos 4,25f; 8,19; 1 Kong 9,6f; 2 Krøn 7,19f Dersom de bryt pakta som Herren dykkar Gud gjorde med dykk, og byrjar å dyrka andre gudar og bøyer dykk og tilbed dei, då vil Herrens vreide loga imot dykk, og de skal snart bli utrydda frå det gode landet han har gjeve dykk.

Markert nå:

Josva 23: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring