Josva 21

21
Levittbyane
1Leiarane for kvar familie blant levittane kom til presten Elasar, til Josva, son til Nun, og til leiarane for familiane i dei andre israelittiske stammane 2#4 Mos 35,2ff og tala til dei i Sjilo i Kanaan. Dei sa: «Herren har gjennom Moses sagt at vi skulle få byar å bu i, med beitemarker omkring for feet vårt.» 3Då gav israelittane av sin eigedom desse byane til levittane, med beitemarker omkring, slik Herren hadde sagt:
4Først fall loddet på Kehat-slektene. Ved loddkasting fekk etterkomarane blant levittane etter presten Aron tretten byar frå stammane til Juda, Simon og Benjamin. 5#1 Krøn 6,61–63 Dei andre Kehat-slektene fekk ved loddkasting ti byar frå slektene i stammane til Efraim og Dan og halvparten av stammen til Manasse.
6Etterkomarane av Gersjon fekk ved loddkasting tretten byar frå slektene i stammane til Jissakar, Asjer og Naftali og frå den halvparten av stammen til Manasse som budde i Basan.
7Etterkomarane av Merari, slekt for slekt, fekk tolv byar frå stammane til Ruben, Gad og Sebulon.
8Desse byane med beitemarker gav israelittane til levittane ved loddkasting, slik Herren hadde sagt gjennom Moses.
9Dei byane som no skal nemnast, er byane som vart gjevne frå stammane til Juda og Simon. 10#1 Krøn 6,54–60 Dei vart gjevne til aronittane, som høyrde til Kehats slekt og stamma frå Levi, for loddet fall først på dei. 11Dei fekk Kirjat-Arba, det er Hebron i fjellandet til Juda, med beitemarker som høyrde til. Arba var stamfar til anakittane. 12#14,13f Men åkerjorda og landsbyane som høyrde byen til, gav dei Kaleb, son til Jefunne, som hans eigedom.
13 # 21,13 Hebron Levittane fekk ikkje einerett til større byar som Hebron og Sikem (v. 21), men dei fekk bu der med same rettar som innbyggjarane elles. Etterkomarane av Aron, prestane, fekk desse byane: Hebron, fribyen for drapsmenn, med beitemarker, og Libna med beitemarker, 14Jattir og Esjtemoa med beitemarker, 15Holon og Debir med beitemarker, 16Ajin, Jutta og Bet-Sjemesj med beitemarker, i alt ni byar frå desse to stammane. 17Frå Benjamin-stammen fekk dei Gibeon og Geba med beitemarker, 18Anatot og Almon med beitemarker, i alt fire byar. 19Til saman fekk etterkomarane av Aron, prestane, tretten byar med beitemarkene som høyrde til.
20 # 1 Krøn 6,66–81 Levittane frå dei andre Kehat-slektene fekk ved loddkasting byar frå Efraim-stammen. 21Dei fekk Sikem i fjellandet til Efraim, som var friby for drapsmenn, med beitemarker som høyrde til, og Geser med beitemarker, 22Kibsajim og Bet-Horon med beitemarker, i alt fire byar. 23Frå Dan-stammen fekk dei Elteke og Gibbeton med beitemarker, 24Ajjalon og Gat-Rimmon med beitemarker, i alt fire byar. 25Frå halvparten av stammen til Manasse fekk dei Taanak og Jibleam med beitemarker, i alt to byar. 26Til saman fekk etterkomarane av Kehat ti byar med beitemarker som høyrde til.
27Dei levittslektene som stamma frå Gersjon, fekk frå halvparten av stammen til Manasse Golan i Basan, som var friby for drapsmenn, og Beesjtera, to byar med beitemarker. 28Frå Jissakar-stammen fekk dei Kisjon og Daberat med beitemarker, 29Jarmut og En-Gannim med beitemarker, i alt fire byar. 30Frå Asjer-stammen fekk dei Misjal og Abdon med beitemarker, 31Helkat og Rehob med beitemarker, i alt fire byar. 32Frå Naftali-stammen fekk dei Kedesj i Galilea, som var friby for drapsmenn, og Hammat-Dor og Kartan med beitemarker, altså tre byar. 33I alt fekk etterkomarane av Gersjon tretten byar med beitemarker omkring.
34Resten av levittane, som stamma frå Merari, fekk desse byane: frå Sebulon-stammen Jokneam og Karta med beitemarker, 35Dimna og Nahalal med beitemarker, i alt fire byar; 36frå Ruben-stammen Beser og Jahsa med beitemarker, 37Kedemot og Mefaat med beitemarker, i alt fire byar; 38frå Gad-stammen Ramot i Gilead, som var friby for drapsmenn, med beitemarker, og Mahanajim med beitemarker, 39Hesjbon og Jaser med beitemarker, i alt fire byar. 40I alt fekk slektene til Merari, som utgjorde resten av levittane, tolv byar ved loddkasting.
41 # 4 Mos 35,7 Alle levittbyane låg innanfor eigedomen til israelittane, i alt førtiåtte byar med beitemarker. 42Kvar av desse byane hadde beitemarker som høyrde til. Slik var det med dei alle.
43 # 1 Mos 12,7+ Slik gav Herren Israel heile det landet som han med eid hadde lova å gje fedrane deira. Dei tok landet i eige og busette seg der. 44#5 Mos 11,25; Jos 6,2+Herren lét dei finna kvile og ha fred på alle kantar, slik han hadde lova fedrane. Ingen fiende kunne stå seg mot dei, for Herren gav alle fiendar i deira hender. 45#23,14; Jes 55,10f Alle lovnader som Herren gav til Israels hus, vart oppfylte. Alt gjekk slik til som han hadde lova.

Markert nå:

Josva 21: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring