Josva 20

20
Fribyane
1 Herren sa til Josva: 2#2 Mos 21,13; 4 Mos 35,9ff; 5 Mos 19,1ff Sei til israelittane at dei skal velja seg fribyar slik eg baud dei gjennom Moses. 3#4 Mos 35,22ff Dit kan ein drapsmann rømma når han av vanvare og aktlaust slår nokon i hel. Der kan de søkja tilflukt frå blodhemnarar. 4#Rut 4,1f#20,4 byporten var ein møtestad for samråd og rettsforhandlingar. Jf. Rut 4,1ff. Den som rømmer til ein av desse byane, skal stilla seg ved inngangen til byporten og leggja saka si fram for dei eldste i byen. Dei skal sleppa han inn i byen og gje han ein bustad hos dei. 5Dersom blodhemnaren forfølgjer drapsmannen, skal dei ikkje utlevera han, for utan å vilja det har han slege nesten sin i hel; han bar ikkje hat til han frå før. 6#4 Mos 35,12.24f.28 Han skal få bu der i byen til han blir stilt for domstolen i forsamlinga. Når han som er øvsteprest på den tida, døyr, kan drapsmannen dra heim att til sin eigen by og sitt eige hus, til byen han rømde frå.
7Dei skilde då ut desse byane og helga dei: Kedesj i Galilea i Naftali-fjella, Sikem i Efraim-fjella og Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, i Juda-fjella. 8#5 Mos 4,41–43 På den andre sida av Jordan, aust for Jeriko, valde dei frå Ruben-stammen Beser i ørkenen på høgsletta; frå Gad-stammen Ramot i Gilead og frå Manasse-stammen Golan i Basan. 9Dette er dei byane som vart utpeika for alle israelittane og for innflyttarane som heldt til iblant dei. Kvar den som av vanvare hadde slege nokon i hel, kunne rømma dit. Han skulle ikkje døy for blodhemnaren si hand utan å vera stilt for domstolen i forsamlinga.

Markert nå:

Josva 20: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring