Joel 1

1
Grashoppene
1 Herrens ord som kom til Joel, son til Petuel.
2Høyr dette, de eldste,
og lytt, alle som bur i landet!
Har slikt hendt før i dykkar dagar
eller i dagane til fedrane dykkar?
3Dette skal de fortelja til borna dykkar
og dei til borna sine
og deira born til ei slekt som kjem.
4 # 2 Mos 10,4f # 1,4 Den hebr. teksten nyttar fire ulike ord for «grashoppe» i dette verset. Det som var att etter den tyggjande grashoppa,
åt den svermande,
det som var att etter den svermande,
åt den hoppande,
det som var att etter den hoppande,
åt den gnagande grashoppa opp.
5Vakna, de drukne, og gråt!
Klag, alle de som drikk vin,
over druesaft munnen ikkje fekk smaka.
6For eit folk har drege opp mot landet mitt,
mektig og utan tal.
Tenner har dei som ei løve
og kjevar som ei løvinne.
7Dei øydela vinstokkane mine
og knekte fikentrea,
flekte av, slengde bort,
greinene vart kvite.
8Klag som ei sørgjekledd jomfru
klagar over sin ungdoms brudgom!
9 # 1,13; 2,14.17 Grødeoffer og drikkoffer
finst ikkje lenger i Herrens hus,
prestane, Herrens tenarar, sørgjer.
10 # Jes 24,4; Am 1,2 Åkeren er øydelagd, jorda sørgjer,
for kornet er øydelagt, vinen tørka inn,
oljen er borte.
11 # Jer 14,4 Bøndene blir til skamme,
og vindyrkarane klagar
over kveite og bygg,
for grøda på åkeren er tapt.
12 # Am 4,7; 5,17 Vinstokken er tørka inn, fikentreet visna,
granateple, palme og apal,
kvart tre på marka er tørt.
Mellom menneska er gleda tørka inn.
13 # 1,13 sekkestrie grov tekstil av dyrehår, eit ytre teikn på sorg eller anger. =sørgjeskikkar. Kled dykk til klage, prestar!
Skrik, de som tener ved altaret!
Gå inn og vak i sekkestrie,
de som tener min Gud.
For grødeoffer og drikkoffer
blir haldne borte frå dykkar Guds hus.
14 # 2 Krøn 20,3; Esra 8,21; Joel 2,15f; Jona 3,5 Rop ut ei heilag faste,
kunngjer ei høgtidssamling!
Kall saman dei eldste,
alle som bur i landet,
i Herren dykkar Guds hus
og rop til Herren!
15 # Jes 13,6; Esek 30,3; Joel 2,1; 3,19; Am 5,18; Sef 1,14ff Å, for ein dag!
Ja, nær er Herrens dag,
han kjem med vald frå Den veldige.
16Vart ikkje maten borte for auga våre,
glede og jubel frå vår Guds hus?
17Såkornet har tørka under jordskorpa,
bingane er tomme, låvane rivne,
for kornet er tørka inn.
18 # Jer 14,4ff Kor buskapen rautar!
Bølingar streifar omkring,
for dei har ikkje beite.
Sjølv saueflokkane må lida.
19Til deg, Herre, ropar eg.
For elden har ete opp beita i øydemarka,
flammar har svidd av kvart tre på marka.
20Sjølv villdyra skrik til deg,
for bekkefara er tørka ut
og elden har ete opp beita i øydemarka.

Markert nå:

Joel 1: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring