Job 41
N11NN

Job 41

41
1 # 3,8 # 41,1 Leviatan >40,20. Ingen er så uvørden at han vekkjer Leviatan.
Kven kan då stå seg mot meg?
2 # 5 Mos 10,14; Sal 24,1; Rom 11,35; 1 Kor 10,26 Kven gav meg noko først så eg skulle gje han noko att?
Alt under himmelen tilhøyrer meg!
3 # 41,3 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Eg vil ikkje teia om Leviatan,
om styrken hans og den staselege skapnaden.
4Kven kan riva av han skinnet
eller trengja inn i det doble panseret hans?
5Kven kan opna gapet på han?
Det står skrekk av tanngarden hans!
6Langs ryggen går rekkjer av skjold,
lukka tett som med segl.
7Det eine ligg inntil det andre,
ikkje ein pust kjem inn mellom dei.
8Skjolda heng fast i hop,
grip inn i kvarandre og kan ikkje skiljast.
9Lys strålar fram når han nys,
auga hans er som morgonròden.
10 # 2 Sam 22,9; Sal 29,7; Op 9,17f Frå gapet hans går logar av eld,
gneistar sprutar fram.
11Røyk kjem frå naseborene
som frå ei kokande gryte over brennande siv.
12Pusten hans set kol i brann,
ein flamme står ut or gapet.
13Styrke har han i nakken.
Redsle hoppar framfor han.
14Kjøtvalkane er faste,
dei sit som støypte, dissar ikkje.
15Hjartet hans er fast som stein,
fast som den nedste kvernsteinen.
16 # Sal 29,2; 89,7 Når han reiser seg, grøssar gudane,
dei er lamma av redsle.
17Om sverdet treffer, bit det ikkje på han,
og heller ikkje kastevåpen, spyd eller pil.
18Han aktar jern som var det strå
og bronse som morkna tre.
19Inga pil frå bogen kan jaga han.
Stein frå slyngja er som halmstrå mot han.
20Som halmstrå reknar han også klubba,
og han ler mot susande sablar.
21Under er han som kvasse potteskar,
han set spor som ein treskjeslede i gjørme.
22 # Esek 32,2 Han set djupet i kok som ei gryte,
lèt havet bobla som salve i gryta.
23Bak han ligg lyset som ein stig,
som om havdjupet hadde fått sølvhår.
24Ingen på jorda er som han,
skapt heilt utan frykt.
25Han set blikket i alt som er høgt,
han er konge over alle stolte rovdyr.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk