Job 40

40
Herren: Vil du vera rettferdig?
1Då svara Herren Job ut av stormen og sa:
2 # 40,2 Spenn beltet om livet >38,3. Spenn beltet om livet som ein mann,
så vil eg spørja deg, og du skal svara.
3 # Sal 51,6; Rom 3,4 Vil du dra mi rettferd i tvil,
leggja skulda på meg så du kan få rett?
4 # 36,30–33; 38,25 Har du så sterk ein arm som Gud,
tornar røysta di som hans?
5 # Sal 93,1 Så pryd deg då i stordom og velde,
kled deg i høgd og herlegdom!
6Lat vreiden din rasa,
slå alle hovmodige ned med ditt blikk!
7 # Sal 75,8; Dan 4,37 Sjå på dei stolte og audmjuk dei,
trakk dei urettferdige ned der dei står!
8 # 4 Mos 16,30–32 Løyn dei alle i støvet,
steng dei inne i mørkret!
9 # Jes 59,16; 63,5 Då ville også eg prisa deg
for den sigeren du vann med di høgre hand.
10 # 40,10 Behemot «(stort) dyr», skildra med trekk frå flodhesten. Sjå Behemot: Eg skapte både henne og deg.
Ho et gras som ein okse.
11Sjå for ei kraft ho har i hoftene,
og for ein styrke i bukmusklane!
12Ho strekkjer ut halen, stiv som ein seder,
og lårsenene er fast fletta.
13Beina er som bronserøyr,
knoklane som jernstenger.
14 # 40,14 av skaparen … sverd Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Ho er Guds fremste verk,
av skaparen fekk ho sitt sverd.
15Fjella gjev henne føde,
alle villdyra leikar der.
16Ho kviler under lotusplanter,
i ly av siv og sump.
17Lotusen gjev skugge,
piletrea ved elva omgjev henne.
18Om elva fossar, er ho like roleg,
trygg sjølv når Jordan brusar mot gapet hennar.
19Kven torer openlyst angripa henne
og dra ei snor gjennom nasen?
20 # 40,20 Leviatan stort sjødyr, ofte gudfiendtleg makt. Her skildra med trekk frå krokodillen. >3,8. Kan du dra Leviatan opp med krok
og halda tunga hans nede med band?
21Kan du setja sivreip i nasen på han
og stikka ein krok gjennom kjevane?
22Vil han då trygla deg om nåde
eller tala blidt til deg?
23 # 5,23; 39,12–15 Gjer han pakt med deg
så du kan ta han som slave for alltid?
24Kan du leika med han som med ein fugl,
leia han i band til småjentene dine?
25Kjøpslår handelsmenn om han,
stykkjar dei han ut mellom kjøpmenn?
26Kan du fylla huda hans med spyd,
hovudet hans med harpunar?
27Legg du hand på han,
får du ein kamp du vil hugsa og ikkje vil ha igjen.
28Då blir håpet ditt til skamme.
Du blir slegen ned straks du ser han.

Markert nå:

Job 40: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring