Job 37

37
1Ja, dette får hjartet til å skjelva,
til å hoppa i brystet mitt.
2 # Sal 29,3–9 Lytt til braket av røysta hans,
høyr korleis det drønnar frå munnen hans!
3Han lèt lyn fara rundt heile himmelen,
sender dei til heimsens endar.
4Etterpå rullar tora,
det er den mektige røysta hans som rungar.
Han held ikkje lyna att
når røysta hans høyrest.
5 # 5,9 Gud gjer under med si torerøyst,
gjer storverk vi ikkje fattar.
6 # Sal 135,7; 147,15–18 Til snøen seier han: «Fall ned på jorda»,
like eins til regnet, det kraftige ausregnet.
7Han set segl på kvar menneskehand,
så alle menneske skal kjenna hans gjerning.
8Villdyra går til hòlene sine,
må halda seg i hi.
9Stormen fer ut av kammeret sitt,
nordavinden kjem med kulden.
10Når Gud pustar, blir det frost,
vassflata frys til.
11Han fyller skyene med vatn,
breier ut toreskyene sine.
12 # Sal 104,4 Dei driv rundt,
seglar etter hans plan for dei.
Alt han byd, gjer dei
over heile den vide jord.
13Han lèt dei koma,
somme for å straffa,
somme for å gagna jorda hans,
somme for å gjera vel mot henne.
14 # Sal 111,2–4 Høyr på dette, Job!
Stans og erkjenn Guds under!
15Forstår du korleis Gud gjev skyene bod
og lèt lyn skyta fram frå dei?
16Forstår du korleis skyene kan sveva?
Dette er hans verk, han som veit alt.
17Du som får kleda varma opp
når jorda døser etter sønnavinden,
18kan du hjelpa han med å hamra ut himmelkvelven
fast som ein spegel av støypt metall?
19Sei oss kva vi skal svara han!
I vårt mørker får vi ikkje fram eit ord.
20Skal han få bod om at eg vil tala?
Kven ønskjer vel å gå under?
21No ser ikkje folk lyset,
det er berre ein kvit flekk i skylaget;
men så kjem vinden og feiar skyene bort.
22 # 2 Mos 24,16f; Esek 1,4–28 Frå nord kjem eit gylle skin,
Guds skremmande lysglans.
23 # 9,4 Den veldige finn vi ikkje; han er opphøgd i makt og rett.
Stor er hans rettferd;
han undertrykkjer ingen.
24Difor fryktar menneska han,
men han overser dei som trur dei er vise.

Markert nå:

Job 37: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring