Job 16

16
Job: Lat ikkje skriket mitt stilna
1Då tok Job til ords og sa:
2Eg har høyrt nok av dette;
de er elendige trøystarar, alle saman.
3Blir det ikkje slutt på tomme ord?
Kva er det som driv deg til å svara?
4 # 2 Kong 19,21 Eg kunne òg ha tala slik som de
dersom det var dykkar liv det gjaldt, og ikkje mitt.
Eg kunne ha halde fine talar
og rist på hovudet av dykk.
5Eg ville sett mot i dykk med munnen
og lagt band på mine skjelvande lepper.
6Talar eg, blir mi smerte ikkje mindre.
Held eg opp, blir ho ikkje borte.
7 # 1,18f Men no har han gjort meg trøytt.
Du utrydda alle som høyrde meg til.
8 # 1,11; 2,5 Du greip meg, og det vart eit vitnemål mot meg.
Mi vanmakt talar meg rett opp i andletet.
9 # Sal 35,16; 37,12 Hans vreide riv sund, han forfølgjer meg!
Han skjer tenner mot meg,
fienden min dolkar meg med blikket.
10 # Sal 22,14; 35,21; 94,21; Matt 26,67 Dei opnar gapet mot meg og slår meg hånleg på kinnet.
Saman går dei mot meg.
11Gud har overgjeve meg til vonde menneske,
kasta meg i armane på lovlause.
12 # 7,20; Klag 3,12 Eg levde i fred, då riste han meg,
greip meg i nakken og slo meg sund.
Han sette meg opp som skyteskive,
13pilene hans kom imot meg frå alle kantar.
Utan medynk gjennombora han nyrene mine,
gallen rann til jorda.
14Han flengde meg opp, sår på sår,
storma mot meg som ein krigar.
15Sekk har eg sydd til kroppen min,
eg har lagt mi kraft i støvet.
16Andletet er raudt av gråt,
det svartnar for auga,
17 # 11,13; 31,1ff; 1 Tim 2,8 endå hendene ikkje er merkte av vald
og bøna mi er rein.
18 # Jes 26,21; Op 6,10 # 16,18 gøym ikkje mitt blod Så lenge blodet ikkje er gøymt i jorda, ropar det om hemn. Jf. 1 Mos 4,10f. Å, jord, gøym ikkje mitt blod,
legg ikkje mitt skrik i grav!
19Framleis har eg eit vitne i himmelen,
éin i det høge som talar mi sak.
20Venene mine spottar meg,
i gråt vender eg auga mot Gud.
21Måtte han gje ein mann rett hos Gud
og gje eit menneske rett mot sin neste!
22 # 1 Kong 2,2; Job 10,21 For om få år må eg fara
den stigen som ikkje fører attende.

Markert nå:

Job 16: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring