Johannes 15

15
Det sanne vintreet
1Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. 2#Matt 3,10 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3#13,10 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4#6,56 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. 5#2 Kor 3,5 Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn. 7#14,13+ Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det. 8#Matt 5,16 For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.
9 # 5,20+ Som Far har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10#1 Joh 5,3 Held de boda mine, er de i min kjærleik, slik eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11#16,21ff; 17,13; 1 Joh 1,4 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk og gleda dykkar kan bli fullkomen. 12#13,34 Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13#10,11; 1 Joh 3,16 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16#14,13f+ De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!
Når verda hatar dykk
18 # 7,7; 1 Joh 3,13 Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg først. 19#Matt 10,22; Joh 17,14 Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut av verda. Difor hatar verda dykk. 20#Matt 10,24f; Joh 13,16 Kom i hug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin. Har dei forfølgt meg, vil dei forfølgja dykk òg. Har dei halde fast på mitt ord, vil dei òg halda fast på dykkar ord. 21#16,3; Apg 5,41 Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, fordi dei ikkje kjenner han som har sendt meg. 22#9,41 Var eg ikkje komen, og hadde eg ikkje tala til dei, då hadde dei vore utan synd. Men no har dei ingen ting å orsaka synda si med. 23#Luk 10,16; Joh 5,23 Den som hatar meg, hatar òg Far min. 24Hadde eg ikkje gjort slike gjerningar mellom dei som ingen annan har gjort, hadde dei vore utan skuld. Men no har dei sett gjerningane og hatar både meg og Far min. 25#Sal 69,5 Men det ordet som står i lova deira, skulle oppfyllast: Dei hata meg utan grunn. 26#14,16+; Apg 5,32#15,26 Talsmannen >14,16. Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. 27Men de skal òg vitna, for de har vore med meg frå første stund.

Markert nå:

Johannes 15: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring