Jeremia 51

51
1 # 51,1 Leb-Kamai kodeord for Kasdim, «kaldearlandet», jf. 25,26. Kan òg tyda «opprørshjarte». Så seier Herren:
Sjå, eg vekkjer ein øydeleggjande storm
mot Babel og mot dei som bur i Leb-Kamai.
2Eg sender framande til Babel,
dei skal reinsa henne som korn
og leggja landet audt
når dei går laus på det frå alle kantar
på ulukkedagen.
3Bogeskyttaren skal ikkje spenna bogen
og ikkje briska seg i brynja.
Skån ikkje hennar unge menn,
slå heile hæren med bann!
4I Kaldea skal dei drepast og falla,
stikkast ned og liggja på gatene.
5For Israel og Juda er ikkje enkjer,
forlatne av sin Gud, Herren over hærskarane,
endå landet deira er fullt av skuld
mot Israels Heilage.
6 # Jes 48,20; Jer 50,8; Op 18,4.6 Flykt frå Babel, berg dykk alle!
Gå ikkje til grunne når byen får si straff.
For dette er hemnens tid for Herren,
han gjev dei att for det dei har gjort.
7 # 25,15ff; Op 17,2.4 Babel var eit gullbeger i Herrens hand,
ho gjorde heile jorda drukken.
Folkeslaga drakk av vinen,
difor vart dei som galne.
8 # Jes 21,9; Jer 46,11; Op 14,8; 18,2 Brått er Babel fallen og knust.
Sørg over henne!
Hent balsam for såret hennar,
kanskje kan det lækjast.
9 # Op 18,5 «Vi prøvde å lækja Babel,
men ho lét seg ikkje lækja.
Forlat henne! Lat oss gå
kvar til sitt eige land.
For dommen over henne når til himmelen,
han rekk opp til skyene.»
10 # 50,34 Herren har gjeve oss rett.
Kom, lat oss fortelja på Sion
kva Herren vår Gud har gjort.
11 # 50,28 «Kvess pilene, fyll koggera!»
Herren har vekt ein tanke hos kongane av Media,
for planen hans er å øydeleggja Babel.
Det er Herrens hemn,
hemnen for hans tempel.
12Lyft banneret mot Babels murar,
styrk vakthaldet,
set ut vakter
og legg nokre i bakhald!
For Herren set i verk
det han har planlagt,
det han har sagt
om dei som bur i Babel.
13 # Op 17,1 Du som bur ved veldige vatn
og er så rik på skattar,
no er enden komen for deg,
livstråden skal skjerast av.
14 Herren over hærskarane
har svore ved seg sjølv:
Eg skal fylla deg med menneske,
mange som grashopper.
Dei skal setja i jubelrop mot deg.
15 # 10,12–16 Han laga jorda med si kraft,
han grunnla verda i sin visdom
og spente ut himmelen ved si innsikt.
16Når hans røyst høyrest, brusar vatnet i himmelen,
han lèt skyer stiga opp frå enden av jorda,
han lagar både lyn og regn,
han lèt vinden sleppa ut frå sine forrådskammer.
17Alle menneske er dumme og uforstandige.
Kvar gullsmed må skjemmast av gudebiletet sitt,
for det støypte biletet hans er løgn.
Det er ikkje ånd i dei.
18 # 50,38 Tomme er dei, eit verk til spott.
Når straffa kjem, går dei til grunne.
19Han som er Jakobs del, er ikkje som desse,
for det er han som formar alt.
Israel er hans eigen stamme.
Herren over hærskarane er hans namn.
20 # 50,23 Du er min hammar, mitt krigsvåpen.
Med deg knuser eg folkeslag
og øydelegg kongerike.
21Med deg knuser eg hest og ryttar,
vogn og køyrekar.
22Med deg knuser eg mann og kvinne,
gammal og ung,
gut og jente.
23Med deg knuser eg gjetar og buskap,
bonde og oksar for plogen,
statthaldarar og stormenn.
24Framfor auga dykkar
tek eg att mot Babel
og mot alle som bur i Kaldea
for alt det vonde dei gjorde mot Sion,
seier Herren.
25Sjå, eg kjem mot deg, du øydeleggjarfjell,
seier Herren,
du som øydelegg heile jorda.
Eg lyfter handa mot deg,
velter deg ned frå klippene
og gjer deg til eit utbrent fjell.
26 # 50,40; 51,62 Ingen skal ta stein frå deg
til hjørnestein eller grunnmur,
for du skal bli til ørken for alltid,
seier Herren.
27 # 51,27 Ararat, Minni to rike i det området som no er Armenia og det nordlege Iran. Asjkenas skytarane, eit nomadefolk. Lyft banneret på jorda,
blås i horn mellom folkeslaga,
helga folkeslaga til strid mot Babel!
Kall kongerike saman mot henne,
Ararat, Minni og Asjkenas.
Set ein hærførar mot henne!
Lat hestar rykkja fram
som bustete grashopper!
28Helga folkeslaga
til strid mot henne,
kongane og statthaldarane i Media,
alle stormennene der
og kvart land i riket.
29Jorda skjelv og vrir seg,
for no fullendar Herren planane han har mot Babel:
å gjera landet Babel til ei øydemark
der ingen kan bu.
30 # 50,37 Krigarane i Babel
har halde opp å strida.
Dei sit stille i borgene,
kreftene deira har tørka ut,
dei har vorte kvinner.
Husa er sette i brann,
bommane brotne sund.
31Sendebod spring mot sendebod,
bodberar mot bodberar,
for å fortelja kongen av Babel
at byen er teken frå ende til annan.
32Vadestadene er tekne,
og sumpane er brende med eld,
krigarane er gripne av redsle.
33For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud:
Dotter Babel er som ein treskjeplass
når han blir trampa ned.
Det er berre ei lita stund att,
så kjem hausttida for henne.
34Kong Nebukadnesar av Babel
har ete meg, gjort ende på meg
og sett meg bort lik eit tomt kar.
Som eit sjøuhyre slukte han meg,
fylte magen med mitt beste kjøt
og spytta meg ut.
35Valden eg har kjent på kroppen,
skal råka Babel,
seier ho som bur i Sion.
Lat mitt blod koma over
dei som bur i Kaldea,
seier Jerusalem.
36Difor seier Herren:
Sjå, eg fører di sak
og tek hemn for deg.
Eg legg havet hennar tørt
og tørkar ut kjelda hennar.
37 # 18,16; 50,13 Babel skal bli ei steinrøys,
ein stad der sjakalar held til,
lagd aud og gjord til spott
så ingen kan bu der.
38Alle brøler som unge løver
og knurrar som løveungar.
39 # Jes 21,5; Jer 51,57; Dan 5,1ff; Hab 2,16 Når dei blir heite,
steller eg til eit drikkelag for dei.
Eg skjenkjer dei fulle så dei blir lystige,
dei fell i ein evig søvn
som dei ikkje skal vakna frå,
seier Herren.
40Eg fører dei til slakting som lam,
som vêrar og bukkar.
41 # 51,41 Sjesjak >25,26. Teken er Sjesjak,
hærteken er ho
som var lovprisa over heile jorda!
Ei skremsle har Babel vorte
mellom folkeslaga!
42Havet har stige opp over Babel,
ho er dekt av brusande bølgjer.
43Byane hennar har vorte til ørken,
til eit tørt og livlaust land.
Ikkje eit menneske bur i dei,
ingen dreg igjennom dei.
44 # 51,44 Bel >50,2. Eg straffar Bel i Babel.
Det han har slukt,
dreg eg ut or munnen hans.
Folkeslag skal ikkje lenger
koma strøymande til han.
Også Babels mur er fallen.
45 # 50,8+ Mitt folk, far ut frå henne!
Kvar og ein må berga sitt liv
for Herrens brennande vreide.
46 # Matt 24,6 Mist ikkje motet og ver ikkje redde
når rykta går i landet,
eit rykte det eine året
og eit anna det neste.
Vald rår på jord,
og herskar står mot herskar.
47Difor, sjå, dagar skal koma
då eg straffar gudebileta i Babel
så heile landet blir til skamme
og alle der blir drepne og fell.
48 # Op 18,20 Himmel og jord og alt som er i dei,
skal jubla over Babel
når dei som herjar,
rykkjer inn frå nord,
seier Herren.
49De som vart drepne i Israel:
Også Babel skal falla
slik dei som vart drepne over heile jorda,
fall for Babels skuld.
50 # Sal 137,5f De som slapp unna sverdet,
far bort, bli ikkje ståande her!
Hugs på Herren i eit land langt borte
og tenk på Jerusalem!
51«Vi vart til skamme,
måtte høyra spott,
vanære dekte andleta våre;
for framande har kome inn
i heilagdomen, Herrens hus.»
52Difor, sjå, dagar skal koma, seier Herren,
då eg straffar gudebileta hennar;
i heile landet skal dei såra stønna.
53 # 1 Mos 11,4; Jes 14,13–15; Ob 3f # 51,53 stig … himmelen bilete på Babels hovmod. Jf. Jes 14,13. Om Babel stig opp til himmelen
og styrkjer si festning i det høge,
skal eg senda folk som herjar henne,
seier Herren.
54Høyr skriket frå Babel,
eit stort samanbrot i landet til kaldearane.
55Det er Herren som herjar Babel
og gjer ende på hennar kraftige røyst.
Bølgjene brusar som veldige vatn,
larmen gjev gjenlyd.
56 # Sal 94,1ff; Jes 35,4; 59,18 For mot henne,
mot Babel,
kjem det ein som herjar;
krigarane blir tekne til fange,
og bogane deira blir knekte.
For Herren er ein Gud som gjer gjengjeld,
han skal betala tilbake.
57 # 25,15 Leiarane og vismennene deira skjenkjer eg fulle,
og statthaldarane, stormennene og krigarane hennar.
Då fell dei i ein evig søvn
som dei ikkje skal vakna frå,
seier kongen,
Herren over hærskarane er hans namn.
58 # Hab 2,13 Så seier Herren over hærskarane:
Babels breie murar
skal jamnast med jorda
og dei høge portane brennast.
Folka strevar til inga nytte,
det folkeslag har slite for, går opp i logar.
Jeremias bodskap til Babel
59 # 51,59 Seraja bror til Baruk, jf. 32,12. Dette oppdraget gav profeten Jeremia til Seraja, son til Neria, Mahsejas son, då han drog til Babel saman med Juda-kongen Sidkia i det fjerde året han var konge. Seraja hadde ansvar for å få tak i husrom.
60Jeremia hadde skrive opp i ei bok alt det vonde som skulle koma over Babel, alle dei orda som her er skrivne om Babel. 61Jeremia sa til Seraja: Når du kjem til Babel, skal du syta for å lesa opp alle desse orda. 62Du skal seia: «Herre, du har tala mot denne staden og sagt at du skal øydeleggja han så ingen kan bu der, korkje menneske eller dyr. Han skal bli til ein ørken for alltid.» 63#Op 18,21 Når du er ferdig med å lesa opp denne boka, skal du binda ein stein til henne, kasta henne ut i Eufrat 64og seia: «Slik skal Babel søkka og aldri koma opp att.» For eg sender ulukke over henne.
Her endar orda til Jeremia.

Markert nå:

Jeremia 51: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring