Jeremia 30

30
Israel skal koma att
1Dette ordet kom til Jeremia frå Herren: 2#Jes 30,8; Jer 36,2; 51,60; Hab 2,2f Så seier Herren, Israels Gud: Skriv opp i ein bokrull alle dei orda eg har tala til deg! 3#29,14 For sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg vender lagnaden for mitt folk Israel og Juda, seier Herren, og fører dei heim att til det landet eg gav fedrane deira, så dei kan eiga det.
4Dette er orda som Herren har tala om Israel og Juda:
5Så seier Herren:
Vi høyrer eit rop av redsle,
det er frykt, ingen fred.
6 # 4,31 Berre spør deg føre og sjå!
Kan ein mann føda born?
Kvifor ser eg då at alle menn
held hendene på hoftene
som fødande kvinner,
kvifor er kvart andlet
vridd og bleikt?
7 # Kap. 27; Dan 12,1; Joel 2,11; Sef 1,15 # 30,7 Jakob Israel; her namn på heile folket. Ve! Stor er denne dagen,
han har ikkje sin like.
Det er ei trengselstid for Jakob,
men han skal koma frelst igjennom.
8 # Jes 10,27; Nah 1,13 Den dagen, seier Herren over hærskarane,
skal eg bryta åket på nakken din
og slita lenkjene dine sund.
Dei skal ikkje lenger vera slavar for framande,
9 # Jer 23,5f; Esek 34,23; 37,24; Hos 3,5 # 30,9 David ein ny konge av Davids ætt. men dei skal tena Herren sin Gud
og David, kongen sin,
som eg vil reisa opp for dei.
10 # Jes 41,8f; 43,5; 46,27f Ver ikkje redd, du Jakob, min tenar,
seier Herren,
mist ikkje motet, Israel!
For sjå, eg bergar deg frå fjerne stader
og ætta di frå landet der ho er fanga.
Jakob skal venda attende
og leva roleg og trygt,
og ingen skal skremma han.
11 # Jes 41,10; Jer 10,24 For eg er med deg, seier Herren,
og vil frelsa deg.
Eg gjer ende på alle folkeslaga
som eg har spreidd deg imellom,
men deg gjer eg ikkje ende på.
Eg tuktar deg med rette
og lèt deg ikkje sleppa straff.
12 # 10,19; 14,17; 15,18; Klag 2,13 For så seier Herren:
Uboteleg er brotet ditt,
ulækjande er slaget.
13 # Jes 1,6 Ingen fører saka di.
Det finst ikkje lækjemiddel
som får såret ditt til å gro.
14Alle elskarane dine har gløymt deg,
dei spør ikkje lenger etter deg.
Som ein fiende har eg slege deg,
og nådelaust har eg tukta deg,
for skulda di var stor
og syndene dine mange.
15Kvifor skrik du om brotet ditt,
om di ubotelege smerte?
Fordi skulda di er stor
og syndene dine mange,
har eg gjort dette mot deg.
16 # Jes 33,1; Jer 2,3; 10,25 Difor skal alle som slukte deg,
sjølve bli slukte,
alle motstandarane dine
skal takast til fange.
Og dei som plyndra deg,
skal sjølve bli plyndra;
alle som rana deg,
gjev eg til rov.
17 # 33,6 Eg lèt såra dine gro
og lækjer slaga du fekk, seier Herren,
du som vart kalla
Ho som er driven bort,
Sion, som ingen spør etter.
18 # 29,14 Så seier Herren:
Sjå, eg vil venda lagnaden til Jakobs telt
og visa miskunn mot hans bustader.
Kvar by skal byggjast på sin ruinhaug,
kvar borg skal stå på sin rette stad.
19Frå dei skal det lyda lovsong og latter.
Eg gjer dei fleire, ikkje færre,
eg gjev dei ære, dei skal ikkje vanvørdast.
20Borna hans skal vera som før,
forsamlinga skal stå fast for mitt andlet.
Eg vil straffa alle som undertrykkjer dei.
21 # 2 Mos 19,12; 33,20; 5 Mos 17,15; Sak 10,4 Den fremste i folket skal vera ein av deira eigne,
herskaren skal koma frå dei sjølve.
Eg lèt han koma og stiga fram for meg.
For kven vil elles gje hjartet i pant
for å nærma seg meg? seier Herren.
22 # 24,7; 31,1.33 Då skal de vera mitt folk,
og eg skal vera dykkar Gud.
23 # 23,19ff Sjå, no bryt harmen ut som eit uvêr frå Herren,
ein storm fer av stad
og kvervlar mot hovuda til dei urettferdige.
24 Herrens brennande vreide legg seg ikkje
før han har utført og sett i verk
planane i sitt hjarte.
I komande dagar
skal de få innsikt i dette.

Markert nå:

Jeremia 30: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring