Jeremia 2
N11NN
2
Israels fråfall
1 Herrens ord kom til meg: 2#Hos 11,1 Gå og rop i øyra på Jerusalem:
Så seier Herren:
Eg hugsar din ungdoms truskap,
din kjærleik som brur,
då du følgde meg i ørkenen,
i eit land der ingen kan så.
3 # 5 Mos 7,6ff; Sal 105,14f; Jak 1,18 Israel var heilagt for Herren,
førstegrøda av hans avling.
Alle som ville øyda Israel, måtte bøta,
ulukke kom over dei,
seier Herren.
4Høyr Herrens ord, Jakobs hus
og alle slekter i Israels hus!
5 # 2 Kong 17,15; Hos 9,10; Rom 1,21 Så seier Herren:
Kva gale fann fedrane dykkar hos meg
sidan dei gjekk bort frå meg,
følgde tomme gudar
og sjølve vart tomme?
6 # 5 Mos 32,10; Job 35,10 Dei sa ikkje: «Kvar er Herren
som førte oss opp frå Egypt
og leidde oss gjennom ørkenen,
eit land med stepper og kløfter,
eit land med tørke og dødsskugge,
eit land der ingen ferdast
og ikkje eit menneske bur?»
7 # 5 Mos 8,7ff; Jer 16,18 Eg førte dykk til eit land med frukthagar
så de kunne eta frukta og grøda.
Men då de kom inn,
gjorde de landet mitt ureint
og eigedomen min avskyeleg.
8 # 8,8; 23,13f; Esek 34,1ff; Hos 4,4f # 2,8 gjetarane Israels kongar og leiarar. Prestane spurde ikkje: «Kvar er Herren
Dei lovkunnige kjende meg ikkje,
gjetarane sette seg opp mot meg,
profetane profeterte ved Baal
og følgde dei som ikkje kan hjelpa.
9 # Hos 4,1; Mi 6,2 Difor skal eg framleis
føra sak mot dykk,
seier Herren,
og føra sak mot barneborna dykkar.
10 # 18,13ff Far over til kittearkystane og sjå,
send bod til Kedar og røk vel etter,
sjå om noko slikt har hendt!
11 # Sal 106,20; Rom 1,23 Har noko folkeslag bytt ut gudane sine,
endå dei ikkje er gudar?
Men mitt folk har bytt ut si ære
med det som ikkje kan hjelpa.
12Himmel, bli skremd
og skjelv av skrekk over dette,
seier Herren.
13 # Sal 36,10; Jer 17,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:
Dei har gått bort frå meg,
kjelda med levande vatn,
og hogge seg brønnar,
sprokne brønnar som ikkje held vatn.
14 # 2 Mos 4,22 Er Israel ein slave
som er fødd i huset?
Kvifor har han vorte eit bytte?
15 # Jes 5,29 Unge løver brølte
og knurra mot han.
Dei gjorde landet hans til øydemark,
byane vart brende
så ingen kan bu der.
16 # 2,16 Nof Memfis, hovudstad i Nedre Egypt, 20 km sør for Kairo. Tahpanhes grenseby aust for Nil-deltaet. Ja, menn frå Nof og Tahpanhes
har skamklipt skallen din.
17 # 4,18 Dette har du sjølv ført over deg,
for du gjekk bort frå Herren din Gud
den tid han førte deg på vegen.
18Og no, kvifor tek du vegen til Egypt
for å drikka vatn frå Nilen,
og kvifor tek du vegen til Assur
for å drikka vatn frå Eufrat?
19Din eigen vondskap straffar deg,
ditt fråfall går i rette med deg.
Skjøn og sjå kor vondt og bittert det er
at du har forlate Herren din Gud
og ikkje fryktar meg,
seier Herren, allhærs Gud.
Opprør og avgudsdyrking
20 # Jes 57,5; Jer 3,6 # 2,20 dreiv hor dyrka andre gudar. Jf. Hos 2,5ff. Frå gammalt av har du brote åket
og slite sund lenkjene dine.
Du sa: «Eg vil ikkje tena.»
På kvar høg haug
og under kvart frodig tre
la du deg ned og dreiv hor.
21 # Sal 80,9ff; Jes 5,1ff; Mark 12,1 Eg planta deg som den finaste vin,
ein ekte stikling.
Korleis kunne du bli gjord om
til villskot av framand vinstokk?
22 # Job 9,30f Om du vaskar deg med lut
og sløser med såpe,
er di skuld like skiten for meg,
seier Herren Gud.
23 # 2,23 dalen truleg Ben-Hinnom-dalen, sør for Jerusalem. Jf. 7,31. Korleis kan du seia:
«Eg har ikkje vorte urein,
eg har ikkje følgt Baal-gudane»?
Sjå kvar du gjekk nede i dalen,
og skjøn kva du har gjort!
Ei rask kamelhoppe
som renner hit og dit,
24 # 2,24 paringstida Hebr. har «hennar månad». Ordet blir òg nytta om «nymånedagen», ein fest som spelar ei rolle i kultkritikken hos andre profetar. Jf. Jes 1,13f; Hos 2,11. =festar og høgtider. eit villesel
som kjenner ørkenen
og snappar etter pusten i brunst.
Kven kan halda henne att?
Dei som leitar etter henne,
slit seg ikkje ut,
i paringstida finn dei henne lett.
25 # 18,11f # 2,25 dei framande andre folks gudar. Gå ikkje berrføtt,
spar strupen din for tørste!
Men du seier: «Det nyttar ikkje.
Eg elskar dei framande,
eg vil gå etter dei.»
26Slik tjuven skjemmest når han blir teken,
skal israelittane skjemmast,
kongar og leiarar,
prestar og profetar.
27 # 5 Mos 32,17f; Jer 32,33 Dei seier til treet: «Du er far min»
og til steinen: «Du har fødd meg.»
Dei snur ryggen til meg og ikkje andletet.
Men når ulukka kjem, seier dei:
«Reis deg og hjelp oss!»
28 # 5 Mos 32,37f; Jer 10,1ff; 11,12f Kvar er gudane dine som du laga deg?
Dei får reisa seg og hjelpa deg når ulukka kjem!
For du har like mange gudar
som du har byar, Juda.
29Kvifor ligg de i strid med meg?
Alle har de gjort opprør mot meg,
seier Herren.
30 # 1 Kong 19,10; Jer 5,3; 17,23 Til fånyttes slo eg sønene dykkar,
dei lét seg ikkje oppdra.
Som ei herjande løve
åt sverdet dykkar profetane.
31De som lever i denne tida,
sjå Herrens ord!
Har eg vore ein ørken for Israel
eller eit mørkt land?
Kvifor seier folket mitt: «Vi spring dit vi vil,
vi kjem aldri meir til deg»?
32Kan ei jomfru gløyma smykket sitt
eller ei brur sitt belte?
Men folket mitt har gløymt meg
gjennom dagar utan tal.
33Så flink du er til å finna vegen
når du er ute etter elsk!
Difor har du òg lært deg
å gå på vonde vegar.
34 # Jes 1,15 På kappeflikane dine er blod
frå skuldlause fattigfolk
som du ikkje har gripe i innbrot.
Likevel 35seier du:
«Eg er utan skuld,
vreiden hans har vendt seg frå meg.»
Sjå, no får eg deg dømd,
for du seier: «Eg har ikkje synda.»
36Så lett du har
for å ta ein annan veg!
Men også av Egypt blir du gjord til skamme,
slik du fekk skam av Assur.
37 # 2 Sam 13,19 Også herifrå må du gå ut
med hendene over hovudet.
For Herren har forkasta
dei du stolar på,
du får inga nytte av dei.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk