Dommarane 10

10
Dommarane Tola og Ja'ir
1Etter Abimelek stod Tola fram og berga Israel. Han var son til Pua, som var son til Dod av Jissakar-stammen og budde i Sjamir på Efraim-fjellet. 2Han var dommar i Israel i tjuetre år. Så døydde han og vart gravlagd i Sjamir.
3Etter han stod Ja'ir frå Gilead fram. Han var dommar i Israel i tjueto år. 4#4 Mos 32,41; 1 Krøn 2,22 Han hadde tretti søner; dei reid på tretti esel og hadde tretti byar som enno i dag blir kalla Ja'irs teltbyar. Dei ligg i Gilead-landet. 5Så døydde Ja'ir og vart gravlagd i Kamon.
Ammonittane undertrykkjer Israel
6 # 2,11+ På nytt gjorde israelittane det som var vondt i Herrens auge. Dei dyrka Baal-gudane og Astarte-bileta, dei dyrka gudane til folket i Aram, Sidon og Moab, og dei dyrka gudane til ammonittane og filistrane. Dei forlét Herren, dei tente ikkje han. 7#2,14+ Då flamma Herrens harme opp mot israelittane, og han gav dei i hendene på filistrane og ammonittane. 8Dette året knuste dei israelittane. I atten år undertrykte dei alle israelittane som budde aust for Jordan, i amorittlandet, i Gilead. 9Ammonittane sette jamvel over Jordan og gjekk til krig mot Juda, Benjamin og Efraims hus. Og israelittane kom i stor naud.
10 # 3,9+ Då ropa israelittane til Herren og sa: «Vi har synda mot deg. Vi har vendt oss bort frå vår Gud og dyrka Baal-gudane.» 11Herren svara: «Har eg ikkje frelst dykk frå egyptarane, amorittane, ammonittane og filistrane? 12Då sidonarane, amalekittane og midjanittane plaga dykk, ropa de til meg, og eg berga dykk ut av hendene deira. 13#1 Sam 8,8 Men de forlét meg og dyrka andre gudar. Difor vil eg ikkje berga dykk meir. 14#5 Mos 32,37f; Jer 2,28 Gå og rop til dei gudane som de har valt! Lat dei frelsa dykk no når de er i naud.»
15 # 1 Sam 12,10 Då sa israelittane til Herren: «Vi har synda. Gjer med oss som du synest, berre du vil hjelpa oss denne gongen!» 16#1 Mos 35,2.4; Jos 24,23; 1 Sam 7,4 Dei fjerna dei framande gudane dei hadde hos seg, og tente Herren. Då heldt han ikkje ut å sjå på Israels naud. 17Ammonittane samla seg til strid og slo leir i Gilead. Israelittane fylka seg og slo leir i Mispa. 18Då sa folket og hovdingane i Gilead til kvarandre: «Kvar er den mannen som vil gå først i striden mot ammonittane? Han skal vera hovding over alle som bur i Gilead.»

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring