Jesaja 8

8
Profetens son som teikn
1 # 30,8; Hab 2,2 # 8,1 Maher-Sjalal-Hasj-Bas symbolsk namn, kan omsetjast «brått bytte, raskt rov». Jf. 7,3. Herren sa til meg: «Ta deg ei stor tavle og skriv på henne med ein vanleg griffel: Til Maher-Sjalal-Hasj-Bas.» 2#2 Kong 16,10; 18,2 Eg tok meg pålitelege vitne, presten Uria og Sakarja, son til Jeberekja. 3Så var eg saman med profetkvinna, og ho vart med barn og fekk ein son. Då sa Herren til meg: «Gjev han namnet Maher-Sjalal-Hasj-Bas. 4#7,16 For før guten har lært å seia far og mor, skal rikdomane frå Damaskus og krigsbyttet frå Samaria berast fram for kongen av Assur.»
Siloa eller Storelva
5 Herren tala igjen til meg og sa:
6 # 8,6 Siloas vatn her vassleidningen. >7,3. Seinare nytta om Siloa-dammen. >2 Kong 20,20. Fordi dette folket foraktar
Siloas vatn, som renn så stilt,
og mistar motet for Resin og Remaljas son,
7sjå, difor lèt Herren
Storelva stiga over dei
med veldige vassmengder
– assyrarkongen og all hans makt.
Ho skal stiga over alle sine elvefar
og gå over alle sine bredder,
8 # 8,8 Immanuel >7,14. ho kjem inn over Juda,
fløymer over og breier seg utover
til ho når opp til halsen.
Med sine utspente venger fyller ho landet ditt,
så vidt som det er, Immanuel!
9 # 2 Kong 19,35 # 8,9 folkeslag Israels fiendar. Lat hærropet lyda, folkeslag, og bli slegne av skrekk!
Lytt, alle fjerne land!
Rust dykk til strid og bli slegne av skrekk,
rust til strid og bli slegne av skrekk!
10 # Job 5,12f; Jes 19,3; Jer 19,7 Legg ein plan, han skal slå feil!
Sei eit ord, det skal ikkje slå til!
For Gud er med oss.
Herrens åtvaring
11For så sa Herren til meg då handa hans greip meg fast og han åtvara meg mot å gå den vegen dette folket går:
12 # 51,12 De skal ikkje seia «samansverjing»
til alt dette folket kallar samansverjing!
Det dei fryktar,
skal ikkje de frykta og ikkje skjelva for.
13 # 29,23; Matt 10,28; 1 Pet 3,14 Herren over hærskarane,
han skal de halda heilag.
Han skal de frykta,
og han skal de skjelva for.
14 # Luk 2,34; Rom 9,33; 1 Pet 2,8 Han skal vera ein heilagdom,
ein snublestein og eit berg til fall
for Israels to hus,
ei snare og ei felle
for dei som bur i Jerusalem.
15 # 28,13 Mange av dei skal snubla,
dei skal falla og skamslå seg,
gå i snara og bli fanga.
Vitnemål og forventning
16 # 8,16 binda inn eller «pakka inn». Dokument i form av bokrullar kunne ein lukka ved å knyta eit band rundt rullen eller pakka han inn i tøy. vitnemålet, lova forkynninga og påminninga frå profeten sjølv. Jf. v. 20. Eg vil binda inn vitnemålet
og forsegla lova hos læresveinane mine.
17 # Sal 25,3; 27,14; 33,20; 62,6; Jes 45,15 Så vil eg venta Herren,
som løyner andletet for Jakobs hus,
og setja mi von til han.
18 # 7,3; 8,3; Joel 3,22; Hebr 2,13 # 8,18 teikn og varsel Jf. 7,3; 8,3. Sjå, eg og borna som Herren har gjeve meg,
er teikn og varsel i Israel
frå Herren over hærskarane,
han som bur på Sion-fjellet.
19Men når dei seier til dykk:
«Spør gjenferd og spådomsånder til råds,
slike som kviskrar og mumlar!
Skal ikkje eit folk spørja sine gudar,
spørja dei døde til råds for dei levande
20 # 58,8 om lov og om vitnemål?»
Sanneleg, for dei som seier slikt,
står ikkje sola opp meir!
21 # Sal 59,16; Am 8,11ff Forkomen og svolten skal han dra omkring.
Når han svelt, blir han harm
og forbannar sin konge og sin Gud.
Anten han vender seg mot det høge
22 # 5,30 eller ser utover jorda,
er det naud og natt, trengsle og mørker.
I mørkret er han støytt ut.

Markert nå:

Jesaja 8: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring