Jesaja 34

34
Dommen over Edom
1 # 1,2; 18,3; 28,23 Kom og høyr, de folkeslag,
lytt, de folk!
Jorda og alt som fyller henne, skal høyra,
verda og alt som spirer der!
2 # 34,2 slege dei med bann =bann. For Herren er harm på alle folk,
han er vreid på heile deira hær.
Han har slege dei med bann
og gjeve dei over til slakting.
3 # 18,6; Jer 7,33; 9,22; 25,33; Op 11,9 Dei drepne blir slengde til sides,
stank stig frå lika,
og blod flyt på fjella.
4 # Matt 24,29; Op 6,14 # 34,4 himmelhæren =himmelske vesen. Oppløyst blir heile himmelhæren,
som ein bokrull blir himmelen rulla saman.
Heile hans hær skal visna
som lauvet på vinstokken visnar
og frukta på fikentreet skrumpar inn.
5For sverdet mitt
har drukke seg utørst i himmelen,
no fer det ned over Edom
til dom over folket eg slår med bann.
6 # 63,1ff # 34,6 Bosra hovudstaden i Edom. Herren har eit sverd
fullt av blod,
det dryp av feitt,
av blod frå lam og bukkar,
av nyrefeitt frå vêrar.
Det er offerslakting for Herren i Bosra,
stor nedslakting i Edom.
7Saman med dei skal villoksar falla,
unge stutar og sterke oksar.
Jorda skal drikka seg utørst av blod
og støvet gjødslast med feitt.
8 # 63,4; Jer 51,6; Ob 10ff Det er hemnens dag for Herren,
året for gjengjeld i striden om Sion.
9Elvane skal bli til bek
og støvet til svovel,
landet blir til brennande bek.
10 # Op 14,11; 19,3 Korkje dag eller natt skal det slokna,
evig skal røyken stiga.
Frå slekt til slekt skal det liggja øyde,
evig og aldri skal nokon kryssa det.
11 # 1 Mos 1,2; 2 Kong 21,13; Jer 4,23; Am 7,8; Sef 2,14 Pelikan og hegre skal eiga det,
ugle og ramn skal bu i det.
Målesnor og lodd skal strekkjast over det,
landet skal bli audt og tomt.
12Det finst ikkje stormenn der
som kan utropa ein konge,
det er ute med alle leiarar.
13 # 13,21f; Jer 50,39 I slotta veks det tornekratt,
nesler og tistlar i borgene.
Landet blir buplass for sjakalar,
tilhaldsstad for strutsar.
14 # 13,21; Matt 12,43; Op 18,2 # 34,14 bukkar >13,21. Lilit namn på ei kvinneleg vond ånd. Hyenar og ørkendyr møtest,
bukkar kallar på kvarandre.
Lilit slår seg òg til ro der
og finn seg ein kvilestad.
15Små ugler byggjer reir
og legg sine egg der,
rugar og klekkjer dei ut i skuggen.
Falkane samlast der med kvarandre.
16 # Jos 23,14ff; Jes 13,20ff Sjå etter i Herrens bok og les!
Ikkje éin av desse skal mangla,
ingen skal leita etter dei andre.
For Herrens munn har gjeve påbodet,
det er hans Ande som samlar dei,
17og det er han som har kasta lodd for dei.
Med målesnor i handa
deler han landet mellom dei.
Dei skal ta det i eige til evig tid
og bu der frå slekt til slekt.

Markert nå:

Jesaja 34: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring