Jesaja 17

17
Damaskus og Efraim
1 # 7,1ff; Jer 49,23ff; Am 1,3ff Bodskap om Damaskus.
Sjå, Damaskus skal ikkje lenger vera ein by,
men bli til ein ruinhaug.
2 # 17,2 Aroer by ved Arnon-dalen (Jos 12,2) som Ruben-stammen fekk (Jos 13,16), men som sidan vart teken av moabittane. Etter 2 Kong 10,32f skal kong Hasael av Damaskus ha teke Austjordanlandet så langt som til Aroer. Aroers byar blir forlatne,
der skal buskap kvila,
og ingen skal skremma dei.
3Efraim skal mista si borg
og Damaskus sitt kongedøme.
Med resten av Aram skal det gå
som med herlegdomen til israelittane,
seier Herren over hærskarane.
4Og den dagen
skal Jakobs herlegdom bli mindre
og den feite kroppen hans bli mager.
5 # 13,12; 24,13 # 17,5 Refa'im-dalen >2 Sam 5,18. Det blir som når ein haustar korn
og handa samlar kornet
og skjer av aksa.
Det blir som når ein sankar aks
i Refa'im-dalen,
6som når ein slår ned oliven
og berre ein etterhaust blir att,
to–tre oliven øvst i treet
og fire–fem på greinene,
seier Herren, Israels Gud.
7Den dagen
vender mennesket blikket mot sin skapar,
auga ser mot Israels Heilage.
8 # 2 Mos 34,13; Jes 2,8 Dei skal ikkje venda blikket mot altara
som hendene deira har laga,
og ikkje sjå på det fingrane deira har skapt,
Asjera-pålane og røykjelsesaltara.
9Den dagen
skal dei trygge byane deira
bli så aude som dei stadene
hevittane og amorittane forlét
då israelittane kom.
Alt skal bli til øydemark.
10 # Sal 106,21; Jer 18,15; Hos 8,14 # 17,10 planta dei finaste hagar Det er tenkt på dyrking av kanaaneiske avlings- og livsgudar. Jf. 1,29. For du har gløymt Gud, din frelsar,
og ikkje hugsa det trygge berget ditt.
Difor kan du planta dei finaste hagar
og setja framande vinranker der,
11du kan få dei til å veksa den dagen du plantar,
til å spira den morgonen du sår,
men hausten sviktar den dagen sjukdom
og ulækjande skade kjem.
12 # 2 Kong 18,13ff; Jes 28,2 Ve! Eit drønn av mange folk,
eit drønn som når havet drønnar.
Ein larm frå folkeslag,
som larmen frå veldige vatn larmar dei,
13 # Sal 65,8; 89,10 folkeslaga larmar som veldige vatn.
Men når han trugar dei,
flyktar dei langt bort.
Dei blir jaga som agner for vinden på haugane,
som tistlar for stormen.
14 # 2 Kong 19,35ff; Jes 14,25; 37,36ff Om kvelden er det redsle,
men før morgonen gryr, er dei borte.
Slik går det dei som plyndrar oss,
slikt utbytte får dei som ranar oss.

Markert nå:

Jesaja 17: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring