Hebrearane 13

13
Gløym ikkje å gjera det gode
1 # Rom 12,10; 1 Tess 4,9f; 1 Pet 1,22; 2 Pet 1,7; 1 Joh 3,10ff Hald syskenkjærleiken levande! 2#1 Mos 18,1ff; Rom 12,13 Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det. 3#Matt 25,36; Hebr 10,34 Kom i hug dei som sit i fengsel, som om de sat i lenkjer saman med dei. Og tenk på dei som blir mishandla, som om det gjaldt dykkar eigen kropp.
4 # Ef 5,5 Lat ekteskapet haldast i ære av alle, og lat ikkje ektesenga skitnast til. For Gud vil dømma dei som driv hor eller bryt ekteskapet. 5#5 Mos 31,6 Lat ikkje kjærleik til pengar styra livet, men ver fornøgde med det de har. For Gud har sagt: Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg. 6#Sal 118,6 Difor kan vi vera ved godt mot og seia:
Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd.
Kva kan menneske gjera meg?
Leiarane i forsamlinga og den rette læra
7 # 13,17 Kom i hug leiarane dykkar, dei som tala Guds ord til dykk. Tenk på livet deira og utgangen det fekk, og ta deira tru til føredøme! 8#Op 1,17f Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.
9 # 13,9 bestemte slag mat Blant dei første kristne var det grupper som ville følgja reglane i GT for rein og urein mat. Jf. Rom 14,1ff; 1 Kor 8; Kol 2,16.20f; 1 Tim 4,3. Lat dykk ikkje riva med av allslags framande lærdomar. Det er godt at hjartet blir styrkt ved nåden, ikkje ved bestemte slag mat, for dei som følgjer slike reglar, har aldri hatt nytte av det. 10Vi har eit altar, og dei som gjer teneste i teltheilagdomen, har ikkje rett til å eta frå det. 11#3 Mos 16,27 Øvstepresten ber blodet frå offerdyra inn i heilagdomen til soning for synd, men kroppane blir oppbrende utanfor leiren. 12#Matt 21,39; Joh 19,17.20#13,12 utanfor porten Golgata låg utanfor bymuren. Jf. Joh 19,20. Difor leid Jesus òg utanfor porten, så han kunne helga folket med sitt eige blod. 13Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære. 14#Fil 3,20; Hebr 11,10.16 For her på jorda har vi ingen by som varer; vi lengtar etter den som skal koma.
15 # Sal 50,14.23; Hos 14,3 Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vår lovprising som offer, det vil seia frukta av lepper som vedkjenner hans namn. 16#Fil 4,18 Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til glede for Gud.
17 # Esek 3,17f; 1 Tess 5,12f Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei! For dei vaker over sjelene dykkar og skal ein gong gjera rekneskap. Sjå til at dei kan gjera det med glede, utan å sukka. Elles blir det ikkje til gagn for dykk.
Ønske og helsingar
18 # Rom 15,30; 2 Kor 1,11; Fil 1,19.27; Kol 4,3.12; 2 Tess 3,1 Be for oss! Vi veit at vi har eit godt samvit, for vi vil gjerne fara rett fram på alle måtar. 19#Filem 22 Eg bed dykk om forbøn, aller mest for at de så mykje snarare kan få meg tilbake.
20 # Matt 26,28+; Joh 10,11+ Fredens Gud, han som i kraft av blodet frå ei evig pakt førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde, 21#Fil 2,13#13,21 Amen hebr. for «det står fast», «det er visst og sant». =amen. må han utrusta dykk med alt godt, så de kan gjera hans vilje. Ja, måtte han ved Jesus Kristus skapa i oss det som er godt i hans auge. Han vere ære i all æve! Amen.
22Eg bed dykk, sysken, ta vel imot desse orda til formaning og trøyst, sjølv om eg måtte skriva så stutt til dykk.
23 # 13,23 Timoteus kanskje ein av =Paulus' medarbeidarar. De skal vita at Timoteus, bror vår, er frigjeven. Kjem han snart, skal eg sjå dykk saman med han.
24Hels alle leiarane dykkar og alle dei heilage! Dei frå Italia sender si helsing.
25Nåden vere med dykk alle!

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring