Haggai 2

2
1 # 2,1 den … dagen medan folket var samla siste dagen av lauvhyttefesten. Jf. 3 Mos 23,33ff. =festar og høgtider. På den tjueførste dagen i den sjuande månaden kom Herrens ord gjennom profeten Haggai: 2Sei til Serubabel, son til Sjealtiel, statthaldaren i Juda, og til Josva, son til Jehosadak, øvstepresten, og til dei som er att av folket:
3 # Esra 3,12 Er det nokon att mellom dykk som har sett kor herleg dette huset var før? Og kva ser de no? Ser det ikkje ut som ingenting?
4 # 1 Krøn 28,10.20; Hag 1,13 Men no, Serubabel: Ver sterk!
seier Herren.
Josva, son til Jehosadak,
du øvsteprest: Ver sterk!
Heile folket i landet: Ver sterke!
seier Herren.
Gå i gang med arbeidet.
For eg er med dykk,
seier Herren over hærskarane.
5 # 2 Mos 19,5f; Jes 63,11 Denne lovnaden gav eg dykk
då de drog ut frå Egypt.
Min Ande er mellom dykk.
Ver ikkje redde!
6 # Hebr 12,26f For så seier Herren over hærskarane:
Endå ein gong, om ei lita stund,
rister eg himmel og jord,
havet og det tørre landet.
7 # Jes 60,5ff Eg rister alle folkeslag
så skattane deira kjem hit.
Eg fyller dette huset med herlegdom,
seier Herren over hærskarane.
8Mitt er sølvet, mitt er gullet,
seier Herren over hærskarane.
9Dette nye huset skal bli
herlegare enn det første,
seier Herren over hærskarane.
På denne staden skal eg gje fred,
seier Herren over hærskarane.
Ny velsigning frå Herren
10På den tjuefjerde dagen i den niande månaden i det andre regjeringsåret til Dareios kom Herrens ord til profeten Haggai: 11Så seier Herren over hærskarane: Spør prestane om rettleiing: 12«Om nokon ber heilagt kjøt i kappefliken og fliken kjem borti brød eller kokt mat eller vin eller olje eller annan mat, blir då dette heilagt?» Prestane svara: «Nei.» 13#4 Mos 19,11 Så spurde Haggai: «Men om nokon har vorte urein gjennom å røra ved eit lik og han så kjem borti noko av dette, blir det då ureint?» Prestane svara: «Ja, det blir ureint.»
14Haggai tok til ords og sa: Slik er dette folket, slik er dette folkeslaget for mitt andlet, seier Herren. Slik er alt dei gjer med hendene, og det dei ber fram der: Det er ureint.
15Men no, gjev akt på det som hender frå og med i dag! Før stein vart lagd på stein i Herrens tempel, 16korleis gjekk det dykk då? Ein som kom til ein kornbinge på tjue mål, fann berre ti. Ein som kom for å ausa opp femti spann frå ei vinpresse, fann berre tjue. 17#5 Mos 28,22; Hos 7,10; Am 4,6ff#2,17 kornsot og svartrust plantesjukdomar. Eg slo dykk med kornsot og svartrust og med hagl over alt de gjer med hendene. Men de kom ikkje til meg, seier Herren.
18 # Esra 3,10; Sak 4,9; 8,9 Gjev akt på det som hender frå og med i dag, frå den tjuefjerde dagen i den niande månaden, frå den dagen då grunnsteinen til Herrens tempel vart lagd. Gjev akt på dette! 19Ligg såkornet framleis i kornkummen? Står vinstokken og fikentreet, granatapalen og oliventreet framleis utan frukt?
Frå og med i dag vil eg velsigna.
Serubabel, Herrens tenar
20 Herrens ord kom for andre gong til Haggai på den tjuefjerde dagen i månaden: 21#2,6 Sei til Serubabel, statthaldaren i Juda:
Eg rister himmel og jord.
22Eg støyter ned kongsstolar
og gjer ende på mektige rike
mellom folkeslaga.
Eg velter stridsvogn og mannskap.
Hestar og ryttarar skal stupa,
den eine fell for sverdet til den andre.
23 # Høgs 8,6; Jer 22,24; Matt 3,17 # 2,23 signetring =segl. Den dagen, seier Herren over hærskarane, tek eg deg, min tenar Serubabel, son til Sjealtiel – seier Herren – og gjer deg til ein signetring. For deg har eg valt ut, seier Herren over hærskarane.

Markert nå:

Haggai 2: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring