1. Mosebok 5

5
Menneskeslekta før storflaumen
1 # 1,27 Dette er boka om Adams slektshistorie. Den dagen Gud skapte mennesket, gjorde han det slik at det likna Gud. 2Som mann og kvinne skapte han dei. Og han velsigna dei og kalla dei menneske den dagen dei vart skapte.
3 # 4,25; 1 Krøn 1,1ff Då Adam var 130 år, fekk han ein son som likna han og var som hans eige bilete, og han kalla han Set. 4Etter at Adam hadde fått Set, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer. 5Adam levde i 930 samfulle år. Så døydde han.
6Då Set var 105 år, fekk han sonen Enosj. 7Etter at Set hadde fått Enosj, levde han endå 807 år og fekk søner og døtrer. 8Set levde i 912 samfulle år. Så døydde han.
9Då Enosj var 90 år, fekk han sonen Kenan. 10Etter at Enosj hadde fått Kenan, levde han endå 815 år og fekk søner og døtrer. 11Enosj levde i 905 samfulle år. Så døydde han.
12Då Kenan var 70 år, fekk han sonen Mahalalel. 13Etter at Kenan hadde fått Mahalalel, levde han endå 840 år og fekk søner og døtrer. 14Kenan levde i 910 samfulle år. Så døydde han.
15Då Mahalalel var 65 år, fekk han sonen Jared. 16Etter at Mahalalel hadde fått Jared, levde han endå 830 år og fekk søner og døtrer. 17Mahalalel levde i 895 samfulle år. Så døydde han.
18Då Jared var 162 år, fekk han sonen Henok. 19Etter at Jared hadde fått Henok, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer. 20Jared levde i 962 samfulle år. Så døydde han.
21Då Henok var 65 år, fekk han sonen Metusjalah. 22Henok vandra med Gud i 300 år etter at han hadde fått Metusjalah, og han fekk søner og døtrer. 23Henok levde i 365 samfulle år. 24#6,9; 2 Kong 2,11; Hebr 11,5 Henok vandra med Gud. Så var han ikkje meir, for Gud tok han til seg.
25Då Metusjalah var 187 år, fekk han sonen Lamek. 26Etter at Metusjalah hadde fått Lamek, levde han endå 782 år og fekk søner og døtrer. 27Metusjalah levde i 969 samfulle år. Så døydde han.
28Då Lamek var 182 år, fekk han ein son. 29#3,17#5,29 Noah På hebr. er det eit ordspel mellom namnet Noah og ordet for «å trøysta». Han kalla han Noah og sa: «Han skal trøysta oss i vårt arbeid og i våre henders strev på den jorda som Herren har forbanna.» 30Etter at Lamek hadde fått Noah, levde han endå 595 år og fekk søner og døtrer. 31Lamek levde i 777 samfulle år. Så døydde han.
32Då Noah var 500 år, fekk han sønene Sem, Ham og Jafet.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring