1. Mosebok 35

35
Jakob i Betel
1 # 28,13ff Gud sa til Jakob: «Bryt opp, dra til Betel og slå deg ned der! Der skal du byggja eit altar for Gud, han som synte seg for deg då du rømde frå Esau, bror din.» 2#Jos 24,23; 1 Sam 7,3 Då sa Jakob til sitt hus og til alle dei som var med han: «Få bort dei framande gudane som finst hos dykk, reins dykk og skift klede! 3#28,20 Vi skal bryta opp og dra til Betel! Der vil eg byggja eit altar for Gud, han som svara meg den dagen eg var i naud, og som var med meg på vegen.» 4#31,19; Dom 8,24ff#35,4 eika … Sikem >12,6. Då gav dei Jakob alle dei framande gudane dei hadde hos seg, og ringane som dei hadde i øyra, og Jakob gøymde alt under eika som står ved Sikem. 5#2 Krøn 14,14; 17,10 Då dei braut opp, kom ei redsle frå Gud over byane der omkring, så ingen sette etter sønene til Jakob.
6 # 28,19 Jakob kom til Lus i Kanaan, det er Betel, han og alt folket som var med han. 7#31,13#35,7 El-Betel Namnet tyder «Betels Gud». Der bygde han eit altar og kalla staden El-Betel, for der hadde Gud openberra seg for han då han rømde frå bror sin. 8#24,59 Debora, amma til Rebekka, døydde og vart gravlagd nedanfor Betel, under eika; den kalla dei Gråteeika.
9Etter at Jakob var komen heim frå Paddan-Aram, synte Gud seg på nytt for han og velsigna han. 10#32,28+ Gud sa til han:
«Namnet ditt er Jakob.
Men no skal du ikkje lenger heita Jakob;
Israel skal vera namnet ditt.»
Slik fekk han namnet Israel. 11#48,4 Så sa Gud til han:
«Eg er Gud, Den veldige.
Ver fruktbar og bli talrik!
Eit folk, ja, mange folkeslag
skal stamma frå deg,
det skal vera kongar mellom etterkomarane dine.
12Det landet eg gav
til Abraham og Isak,
gjev eg deg.
Til di ætt etter deg
gjev eg landet.»
13Så fór Gud opp frå han, frå den staden der han hadde tala med han. 14#28,18f Jakob reiste ei støtte på denne staden, ei støtte av stein. Han auste drikkoffer på steinen og slo olje over han. 15Og Jakob kalla staden der Gud hadde tala med han, Betel.
Rakel døyr
16 # 35,16 Efrat eller Efrata, namn på Betlehem, etter ein stamme som budde der. Jf. Rut 1,2; 1 Sam 17,12; Mi 5,1. Så tok dei ut frå Betel. Då dei endå hadde eit stykke att til Efrat, fødde Rakel eit barn. Det var ein hard fødsel. 17Medan ho låg i harde fødselsrier, sa jordmora til henne: «Ver ikkje redd! For også denne gongen får du ein son.» 18#35,18 Ben-Oni tyder «min ulukkeson» eller «min smerteson», eit illevarslande namn som Jakob endra til Benjamin, «lukkesonen». Ho var i ferd med å døy, og idet livet ebba ut, gav ho han namnet Ben-Oni. Men faren kalla han Benjamin. 19#48,7 Rakel døydde og vart gravlagd ved vegen til Efrat, det er Betlehem. 20Og Jakob reiste ei steinstøtte på grava hennar. Det er gravsteinen til Rakel, som står der den dag i dag.
21 # 35,21 Migdal-Eder Namnet tyder «gjetartårn»; ukjend stad, jf. Mi 4,8. Så drog Israel vidare og slo opp teltet sitt bortanfor Migdal-Eder. 22#49,4; 3 Mos 18,8; 1 Krøn 5,1 Medan Israel budde der i landet, gjekk Ruben av stad og låg med Bilha, følgjekona til far sin. Og Israel fekk vita det.
Sønene til Jakob
Jakob hadde tolv søner. 23#29,32ff; 30,5ff Sønene til Lea var Ruben, den førstefødde sonen til Jakob, Simon, Levi, Juda, Jissakar og Sebulon. 24Sønene til Rakel var Josef og Benjamin. 25Sønene til Bilha, slavekvinna til Rakel, var Dan og Naftali. 26Og sønene til Silpa, slavekvinna til Lea, var Gad og Asjer. Dette var dei sønene Jakob fekk i Paddan-Aram.
Isak døyr
27 # 13,18; 14,13 # 35,27 Kirjat-Arba «byen til Arba», eit gammalt namn på Hebron. Jf. Jos 14,15; Dom 1,10. Jakob kom til Isak, far sin, i Mamre ved Kirjat-Arba, det er Hebron, der Abraham og Isak hadde halde til. 28Isak levde i 180 år. 29Så anda Isak ut og døydde. Han vart sameina med folket sitt, gammal og mett av dagar. Sønene hans, Esau og Jakob, gravla han.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring