Esekiel 21

21
Skogen skal brenna
1 # 21,1–5 I nokre omsetjingar er 21,1–5 nummerert som 20,45–49. Herrens ord kom til meg: 2#21,2 skoglandet i Negev bilete på Juda. Teman, Negev Begge stadnamna kan òg omsetjast med himmelretninga «sør». Menneske, vend deg i retning Teman, spå mot sør og tal profetord mot skoglandet i Negev! 3#Jer 17,27; Esek 21,8f Sei til Negev-skogen: Høyr Herrens ord! Så seier Herren Gud: Eg set fyr på deg, og elden skal svi av kvart tre i deg, både friske og tørre. Den logande elden skal ikkje slokna, men svi kvart andlet frå sør til nord. 4Alle menneske skal sjå at eg, Herren, har kveikt elden, og han skal ikkje slokna. 5Då sa eg: Å, min Herre og Gud! Dei seier om meg: «No talar han i likningar att!»
Sverd skal drepa
6 Herrens ord kom til meg: 7Menneske, vend deg mot Jerusalem, spå mot heilagdomen og tal profetord mot Israels land! 8Sei til Israels land: Så seier Herren: Sjå, eg kjem over deg. Eg dreg sverdet or slira og ryddar ut både rettferdige og urettferdige hos deg. 9Fordi eg vil rydda ut både rettferdige og urettferdige hos deg, skal sverdet mitt fara ut or slira mot alle menneske, frå sør til nord. 10Alle menneske skal kjenna at eg, Herren, har drege sverdet or slira, og det skal ikkje koma tilbake dit.
11Men du, menneske, skal stønna som om hoftene blir knuste. Med bitter smerte skal du stønna rett framfor auga på dei. 12Og når dei seier til deg: Kvifor stønnar du, skal du svara: På grunn av ei melding som kjem. Då skal kvart hjarte smelta bort, alle hender bli slappe, kvar ånd bli motlaus og alle kne bli som vatn. Sjå, det kjem, det skal henda! seier Herren Gud.
13 Herrens ord kom til meg: 14Menneske, tal profetord og sei:
Så seier Herren:
Sverd, sverd, kvesst og slipt,
15kvesst for å slakta,
slipt for å blinka som lyn.
– Eller skal vi gleda oss?
Herskarstaven til son min foraktar du, kvart tre. – #21,15 Eller ... tre Tydinga av den hebr. teksten er usikker.
16Sverdet vart gjeve til sliping
og lagt i handa.
Det vart kvesst og slipt
og gjeve til den som skal drepa.
17 # 21,17 slå deg på låret uttrykk for skam og sorg. Skrik og hyl, du menneske!
For sverdet råkar mitt folk
og alle Israels fyrstar.
Dei er overlatne til sverdet
saman med mitt folk.
Difor skal du slå deg på låret.
18For dette er prøva.
Kva om du òg har forakta herskarstaven?
Det skal ikkje henda,
seier Herren Gud.
19Du menneske, tal profetord
og slå i hop hendene!
To og tre gonger skal sverdet råka.
Det er eit sverd som drep mange,
eit veldig drapssverd
som trengjer djupt inn,
20så hjartet skal skjelva
og mange skal snubla.
Eg set eit slaktesverd
ved alle portane deira.
Ve! Det er laga for å lyna,
slipt for å slakta.
21Bit kvast til høgre
og hogg til venstre,
kvar du så blir vend.
22 # 23,24 Då skal eg òg slå hendene saman
og bruka opp min harme.
Eg, Herren, har tala.
23 Herrens ord kom til meg: 24Du menneske, merk av to vegar som sverdet til Babel-kongen kan følgja. Begge vegane skal gå ut frå same landet. Og der vegane tek av til byar, skal du setja opp merke 25#21,25 Rabba hovudstaden til ammonittane, i dag Amman. ved vegkryssa, så sverdet kan fara til Rabba i ammonittlandet og til Juda, som har Jerusalem til festningsby.
26 # 21,26 terafar hebr. terafim, små gudebilete eller heilage gjenstandar som familien eigde. Dei kunne m.a. nyttast når ein ville ta varsel. Jf. 1 Mos 31,19; Dom 18; 2 Kong 23,34. Attmed vegskiljet der dei to vegane byrjar, har Babel-kongen stilt seg opp for å ta varsel. Han kastar lodd med piler, søkjer råd hos terafar og granskar levra frå offerdyr. 27I høgre handa har han varselet for Jerusalem. Der skal han reisa rambukkar, opna munnen i kampskrik og lyfta røysta til krigsrop. Han skal stilla opp rambukkar mot portane, kasta opp ein voll og byggja skansar.
28 # Jer 7,4; Mi 3,11 I folks auge er dette eit tomt varsel, endå dei har eid på det. Dette minner dei om skulda som fører til fangenskap. 29Difor, så seier Herren Gud: De minner dykk sjølve om dykkar skuld når brota dykkar blir openberre så synda viser seg i alt de gjer. Fordi de er minte om det, skal de takast til fange.
30Og du, din gudlause brotsmann, Israels fyrste! Dagen er komen, tida for di endelege straff. 31#Jer 13,18; Esek 17,24 Så seier Herren Gud: Bort med turbanen, av med krona! Ikkje noko skal vera som det var! Gjer det låge høgt og det høge lågt! 32#1 Mos 49,10 Ruin, ruin, ruin gjer eg det til. Heller ikkje dette skjer før han kjem, han som eg har overlate dommen til.
33 # 25,1ff Du menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren Gud om ammonittane og deira spott:
Sverd! Sverd! Trekt for å slakta,
slipt for å sluka og lyna.
34 # Jer 27,3.9 Medan du får tomme syn
og varsel som er løgn,
skal det rettast mot halsen
på gudlause brotsmenn.
Dagen er komen,
tida for den endelege straffa.
35Stikk sverdet i slira!
På staden der du vart skapt,
i landet du stammar frå,
der vil eg dømma deg.
36Eg auser ut min harme over deg
og blæs min vreideeld mot deg.
Eg gjev deg over til ilskne menneske,
meistrar i øydelegging.
37Du skal bli til føde for elden,
blodet ditt skal renna midt i landet,
og ingen skal minnast deg meir.
For eg, Herren, har tala.

Markert nå:

Esekiel 21: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring