Esekiel 18

18
Alle må stå til ansvar
1 Herrens ord kom til meg: 2#Jer 31,29ff; Klag 5,7 Korleis kan de bruka dette ordtaket i Israels land:
«Fedrane et sure druer,
og borna får dårlege tenner.»
3Så sant eg lever, seier Herren Gud: De får ikkje bruka dette ordtaket meir i Israel. 4Sjå, alt liv høyrer meg til, både livet til faren og livet til sonen. Den som syndar, skal døy sjølv.
5Ein mann som er rettferdig og gjer rett og rettferd, 6#2 Mos 20,3; 3 Mos 18,19f han et ikkje offerkjøt på haugane og lyfter ikkje auga til avgudane som Israels hus dyrkar. Han krenkjer ikkje kona til nesten sin og kjem ikkje nær ei kvinne når ho er urein. 7#5 Mos 24,10ff; Sal 15,2ff; Matt 25,35ff Han er ikkje hard med nokon, men lèt skuldmannen få pantet sitt tilbake. Han ranar og røvar ikkje, men gjev brød til den svoltne og klede til den nakne. 8Han låner ikkje ut mot renter og tek ikkje avgift. Han held si hand frå urett og dømmer rett i strid mellom menneske. 9Han følgjer mine forskrifter og held trufast mine lover. Han er rettferdig, han skal få leva, seier Herren Gud.
10Det kan henda at den rettferdige får ein son som blir røvar og drapsmann og gjer noko av dette mot ein bror 11som han sjølv aldri har gjort. Kanskje han til og med et offerkjøt på haugane og krenkjer kona til nesten sin, 12er hard mot hjelpelause og fattige, ranar og røvar og ikkje gjev pantsett gods tilbake, lyfter auga til avgudane, fer med slikt som er avskyeleg, 13låner ut mot renter og tek avgift – og så skulle han få leva? Nei, han skal ikkje få leva! Når han gjer alt dette avskyelege, skal han døy. Hans blod kjem over han sjølv.
14Men så kan det henda at han får ein son som ser alle syndene faren har gjort, og blir skremd av det, så han ikkje gjer det same. 15Han et ikkje offerkjøt på haugane, lyfter ikkje auga til avgudane som Israels hus dyrkar, krenkjer ikkje kona til nesten sin, 16er ikkje hard med nokon, tek ikkje pant og driv ikkje med ran og rov, men gjev brød til den svoltne og klede til den nakne. 17Han legg ikkje hand på ein hjelpelaus, tek ikkje rente og avgift, men lever etter lovene mine og følgjer forskriftene mine. Han skal ikkje døy fordi far hans har synda. Nei, han skal leva. 18Men far hans, som undertrykte, rana og røva frå bror sin og gjorde det som ikkje er godt blant folket sitt, sjå, han må sjølv døy for si synd.
19De vil kanskje spørja: «Kvifor skal ikkje sonen bera skulda til faren?» Men sonen har gjort det som er rett og rettferdig, han har halde forskriftene mine og levd etter dei. Han skal få leva. 20#5 Mos 24,16; 2 Kong 14,6 Den som syndar, skal sjølv døy. Ein son skal ikkje bera skulda til faren, og ein far skal ikkje bera skulda til sonen. Den rettferdige skal få att for si rettferd, og den urettferdige skal råkast av sin eigen urett.
21Men når ein urettferdig vender om frå all si synd, når han held alle forskriftene mine og gjer det som er rett og rettferdig, då skal han leva og ikkje døy. 22Alle syndene han har gjort, skal vera gløymde. Fordi han har gjort rett, skal han leva. 23#33,11; Jona 3,10; 2 Pet 3,9 Skulle det vera min vilje at den urettferdige døyr, seier Herren Gud. Nei, eg vil at han skal venda om frå sine vegar og leva.
24 # 3,20; 33,12 Men når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, allslags avskyelege gjerningar som den urettferdige gjer, skulle han då få leva? Alle dei rettferdige gjerningane han har gjort, skal vera gløymde. For si truløyse og for si synd skal han døy.
25 # 33,17ff No vil de kanskje seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Høyr då, Israels hus! Er det eg som ikkje går fram på rett vis? Er det ikkje de som gjer urett? 26#33,12f Når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, skal han døy på grunn av det. For sin eigen urett skal han døy. 27Men når ein urettferdig vender om frå si urettferd og gjer rett og rettferd, då skal han berga livet. 28#33,15 Fordi han såg og vende om frå alle syndene han hadde gjort, skal han leva og ikkje døy.
29Israelittane vil kanskje seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Men er det eg som ikkje går rett fram? Er det ikkje de som gjer urett?
30 # Jes 55,7; Esek 33,11 Difor, israelittar, skal eg dømma kvar og ein av dykk etter det han har gjort, seier Herren Gud. Vend om, vend om frå alle syndene, så inga skuld skal fella dykk. 31#Sal 51,12; Esek 11,19; 36,26 Kast frå dykk alle syndene de gjer, og skaff dykk eit nytt hjarte og ei ny ånd! Kvifor vil de døy, de israelittar? 32Eg krev ikkje at nokon skal døy, seier Herren Gud. Vend om, så skal de leva!

Markert nå:

Esekiel 18: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring