Efesarane 6

6
1 # Kol 3,20 Born, ver lydige mot foreldra dykkar i Herren, for det er rett. 2#2 Mos 20,12; Mark 7,10ffDu skal æra far din og mor di, dette er det første bodet som òg har ein lovnad: 3#6,3 i landet kan òg omsetjast «på jorda».så det kan gå deg vel og du får leva lenge i landet. 4#5 Mos 6,7; Ordt 22,6 Foreldre, vekk ikkje sinne og trass hos borna, men gjev dei omsorg, så dei får ei oppseding og rettleiing som er etter Herrens vilje.
5 # Fil 2,12; Kol 3,22; 1 Tim 6,1; Tit 2,9f; 1 Pet 2,18 # 6,5 respekt og ærefrykt Uttrykket har bakgrunn i jødisk andaktsliv og står for den rette haldninga overfor Gud. Slavar, ver lydige mot dykkar jordiske herrar som mot Kristus sjølv, med respekt og ærefrykt og av eit ærleg hjarte. 6#1 Kor 7,22 Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men Kristi tenarar, som heilhjarta gjer Guds vilje. 7Gjer teneste med eit villig sinn; det er Herren og ikkje menneske de tener. 8#2 Kor 5,10 De veit at kvar og ein skal få løn av Herren for det gode han gjer, anten han er fri eller slave. 9#Rom 2,11+; Kol 4,1 Og de herrar, gjer det same mot slavane. Lat vera å truga! De veit at både dei og de har same Herren i himmelen, og han gjer ikkje forskjell på folk.
Guds rustning
10 # 1 Kor 16,13 Til sist: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft! 11#Rom 13,12; 2 Kor 6,7; 10,4 Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak. 12#2,2; 1 Pet 5,8 For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet. 13Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande. 14#Jes 11,5; 59,17; 1 Tess 5,8#6,14 Spenn … livet Ein tenar måtte binda opp den vide og side kjortelen for å vera klar til å arbeida. >Luk 12,35. Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje, 15#Jes 52,7; Ef 2,17 og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå. 16#1 Joh 5,4 Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde. 17#1 Tess 5,8; Hebr 4,12 Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord. 18#Luk 18,1+; Jud 20 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19#Rom 15,30; Ef 3,3f Be òg for meg, at ordet må bli gjeve meg når eg opnar munnen, så eg med frimod kan forkynna mysteriet i evangeliet, 20#2 Kor 5,20#6,20 i lenkjer >3,1. det som eg er sendebod for òg når eg er i lenkjer. Be om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.
Sluttord
21 # Apg 20,4; Kol 4,7; 2 Tim 4,12; Tit 3,12 Tykikos skal fortelja dykk alt, så de òg får vita korleis eg har det og korleis det står til med meg. Han er vår høgt elska bror og ein trufast tenar i Herren. 22Eg sender han til dykk for at de skal få høyra korleis vi har det, og for at han skal gje dykk mot i hjarta.
23Fred vere med syskena, og kjærleik og tru frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus! 24#1 Pet 1,8 Nåde vere med alle som elskar vår Herre Jesus Kristus i eit liv som aldri skal forgå!

Markert nå:

Efesarane 6: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring