Amos 5

5
Likklage over Israel
1 # Jer 9,17ff; Esek 19,1 # 5,1 likklage =sørgjeskikkar. Høyr dette ordet, Israels hus,
ei likklage som eg stemmer i om dykk.
2 # 5,2 jomfru Israel Folket blir skildra som ei kvinne. Profeten etterliknar her likklaga over ein som er død. Ho er fallen, ho reiser seg aldri meir,
jomfru Israel.
Ho ligg forlaten på eiga jord,
ingen reiser henne opp.
3For så seier Herren Gud:
Den byen som dreg ut med tusen mann,
får hundre att,
og den som dreg ut med hundre,
får ti att
i Israels hus.
Søk Herren, så skal de leva
4 # 5 Mos 4,29+; Hos 10,12; Am 5,6.14 For så seier Herren til Israels hus:
Søk meg, så skal de leva!
5 # Hos 4,15+; Am 4,4 Søk ikkje til Betel,
gå ikkje til Gilgal,
far ikkje til Beer-Sjeba.
For Gilgal skal drivast i eksil,
og Betel skal bli til inkjes.
6 # 3,14; 5,4+ # 5,6 Josefs hus står her for dei ti stammane i nord. Søk Herren, så skal de leva!
Elles kjem han som eld over Josefs hus,
han øyder,
og det er ingen i Betel til å sløkkja.
Dom over stormenn
7 # Jes 5,20; Am 6,12 Dei gjer retten til malurt
og kastar rettferda til jorda.
8 # 1 Mos 7,17; Job 9,9; 38,31; Am 9,6 Han som skapte Sjustjerna og Orion,
han som gjer dødsskugge om til morgon
og dagen til svarte natt,
han som kallar på vatnet i havet
og auser det ut over jorda,
Herren er namnet hans.
9Han som lèt øyding lyna over borga;
øyding kjem over festninga.
10 # Jes 29,21 # 5,10 porten Byporten var ein møtestad for samråd og rettsforhandlingar. Jf. Rut 4,1ff. Dei hatar den som hevdar retten i porten,
og avskyr den som talar sant.
11 # 5 Mos 28,30f.39; Am 4,1; Mi 6,14f; Sef 1,13 De trakkar småkårsfolk ned
og krev korn i avgift av dei.
Difor:
De har bygd hus av hoggen stein,
men skal ikkje få bu i dei.
De har planta herlege vinmarker,
men får ikkje drikka vinen.
12 # 2 Mos 23,6; Am 2,6f For eg kjenner til dykkar mange brot
og dei tallause syndene dykkar,
de som forfølgjer rettferdige,
tek stikkpengar
og driv fattige vekk frå porten.
13Difor teier den kloke i denne tida,
for det er ei vond tid.
Søk det gode
14 # Sal 34,15; 97,10; Jes 1,16; Rom 12,9 Søk det gode og ikkje det vonde,
så de får leva!
Då skal Herren, allhærs Gud,
vera med dykk, som de seier.
15 # 5,15 Josef >v. 6. Hat det vonde og elsk det gode,
hald retten høgt i porten!
Så vil kanskje Herren, allhærs Gud,
vera nådig mot resten av Josef.
16 # Jer 9,17f Difor, så seier Herren,
allhærs Gud, Herren:
På alle torg skal det vera klage,
i alle gater skal dei ropa: «Ve, ve!»
Dei skal kalla på bonden til sorg
og på folk som kan gråta, til klage.
17På alle vinmarker blir det klage
når eg går fram mellom dykk,
seier Herren.
Herrens dag
18 # Jes 13,6; Esek 30,3; Joel 1,15; 2,1; 3,19; Sef 1,14ff Ve dykk som lengtar etter Herrens dag!
Kva vil de med Herrens dag?
Han er mørker og ikkje lys.
19 # Jer 48,44; Am 9,3 Han er lik ein mann
som rømmer frå løva og møter bjørnen.
Og når han kjem heim og støttar handa til veggen,
bit ormen han.
20 # Sef 1,15 Ja, mørk er Herrens dag og ikkje lys,
dyster og utan lysskin.
21 # Jes 1,11ff; Jer 6,20 Eg foraktar, ja, hatar festane dykkar,
høgtidssamlingane held eg ikkje ut.
22 # Sal 51,18; Jer 14,12; Hos 8,13 For om de ber fram brennoffer eller grødeoffer,
vil eg ikkje ha dei.
Og fredsoffera dykkar med gjøkalvkjøt
vil eg ikkje sjå.
23Fri meg frå dei ståkande songane dine,
eg vil ikkje høyra på harpespel!
24Lat rett vella fram som vatn
og rettferd lik bekker som alltid strøymer.
25 # Apg 7,42f Bar de fram for meg slaktoffer og grødeoffer
dei førti åra i ørkenen, Israels hus?
26 # 5,26 Sakkut, Kevan assyrisk-babylonske gudenamn, knytte til stjerneguden Ninib (Saturn). Og bar de på Sakkut, kongen dykkar,
og Kevan, gudestjerna,
bileta som de har laga?
27 # 5,27 bortanfor Damaskus Assur. Eg fører dykk i eksil bortanfor Damaskus,
seier Herren. Allhærs Gud er namnet hans.

Markert nå:

Amos 5: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring