2. Timoteus 1

1
Helsing
1 # 1,1 apostel ein utsending med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. Blir oftast brukt om dei 12 læresveinane Jesus valde ut, men òg om somme andre. Paulus, Kristi Jesu apostel etter Guds vilje, utsend med lovnaden om liv i Kristus Jesus, 2#1 Tim 1,2+#1,2 Timoteus ein av =Paulus' medarbeidarar. helsar Timoteus, mitt kjære barn: Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår Herre!
Apostelen og læresveinen hans
3 # Apg 23,1; Rom 1,9 Med takk til Gud, som eg tener med reint samvit slik fedrane mine gjorde, hugsar eg stadig på deg natt og dag i bønene mine. 4Eg hugsar tårene dine, og eg lengtar etter å få sjå deg att – det ville fylla meg med glede. 5#Apg 16,1 Eg tek på nytt fram i minnet den ærlege trua di, som først budde i Lois, mormor di, og i Evnike, mor di. Eg er viss på at ho òg bur i deg.
6 # 1 Tim 4,14 # 1,6 la hendene på deg =handspålegging. Difor vil eg minna deg om dette: Lat Guds nådegåve i deg flamma opp på nytt, den du fekk då eg la hendene på deg! 7#Rom 8,15 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom. 8#Sal 119,46; Luk 9,26; Rom 1,16; 2 Tim 2,9#1,8 fange Paulus sit fengsla i Roma. Jf. v. 16–17; 4,16. Du skal ikkje skamma deg over vitnemålet om vår Herre og heller ikkje over meg som er fange for hans skuld, men ber lidingane for evangeliet, du òg, i den kraft som Gud gjev.
9 # Ef 2,8f; Tit 3,5 Han har frelst oss
og kalla oss med eit heilagt kall,
ikkje på grunn av gjerningane våre,
men etter sin eigen vilje og nåde,
den som er gjeven oss i Kristus Jesus
frå evige tider,
10 # 1 Kor 15,55.57; Hebr 2,14f og som no har vorte openberra
då vår frelsar Kristus Jesus kom til jord.
Han har gjort ende på døden
og ført udødeleg liv
fram i lyset ved evangeliet.
11 # 1 Tim 2,7 # 1,11 herold Ein herold hadde til oppgåve å ropa ut kunngjeringar på offentlege stader. Ordet kan òg omsetjast «forkynnar». For det er eg sett til herold, apostel og lærar. 12Difor er det eg lid, men eg skammar meg ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er sikker på at han har makt til å ta vare på det som er tiltrudd meg, heilt til dagen kjem.
13 # 4,3+ Lat dei sunne orda du har høyrt av meg, vera ditt føredøme i tru og kjærleik i Kristus Jesus. 14#1 Tim 6,20 Ta vare på den gode skatten som er tiltrudd deg, ved Den heilage ande som bur i oss!
15 # 4,16 # 1,15 Asia Romersk provins i den nordvestlege delen av det noverande Tyrkia. Brevet viser fleire stader til byar i denne provinsen: Efesos (1,18; 4,12), Troas (4,13) og Miletos (4,20). Du veit at alle i Asia har vendt seg frå meg, og mellom dei er Fygelos og Hermogenes. 16#1,16 Onesiforos er elles ukjend. Kanskje er han nyleg død. Jf. 4,19. Gjev Herren må visa miskunn mot huslyden til Onesiforos! For han har mange gonger sett mot i meg, og han skamma seg ikkje over lenkjene mine. 17Nei, då han kom til Roma, leita han ivrig etter meg til han fann meg. 18#Matt 5,7 Må Herren la han finna miskunn hos Herren på den store dagen! Kor mykje han har gjort i tenesta si i Efesos, veit du best sjølv.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring