2. Samuelsbok 9
N11NN
9
David og Mefibosjet
1 # 1 Sam 20,14ff David spurde: «Finst det enno nokon att av Sauls hus? Då vil eg gjera godt mot han for Jonatans skuld.» 2Det var ein tenar frå Sauls hus som heitte Siba. Han vart kalla fram for David, og kongen spurde han: «Er du Siba?» «Til teneste», svara han. 3#4,4 Då spurde kongen: «Er det ikkje ein einaste att av Sauls hus som eg kan gjera godt mot i Guds namn?» Siba svara kongen: «Ein av sønene til Jonatan lever enno. Han er lam i føtene.» 4#9,4 Lo-Debar stad i Austjordanlandet, sør for Gennesaretsjøen. «Kvar er han?» spurde kongen. Siba svara: «Han er heime hos Makir, son til Ammiel, i Lo-Debar.» 5Då sende kong David bod og henta han heime hos Makir, son til Ammiel, i Lo-Debar.
6 # 9,6 Mefibosjet >4,4. Då Mefibosjet, son til Jonatan, son til Saul, kom inn til David, kasta han seg ned med andletet mot jorda. David sa: «Mefibosjet!» Han svara: «Her er tenaren din.» 7David sa til han: «Ver ikkje redd! For eg vil gjera godt mot deg for far din, Jonatan, si skuld. Du skal få att all jord som Saul, far din, eigde. Og du skal alltid eta ved mitt bord.» 8#1 Sam 24,15; 2 Kong 8,13 Då bøygde han seg igjen og sa: «Kva er vel eg, tenaren din? Kvifor bryr du deg om ein daud hund som meg?»
9Kongen kalla på Siba, tenaren til Saul, og sa til han: «Alt det som har høyrt Saul og heile hans hus til, gjev eg son til herren din. 10#19,17 Men du og sønene dine og tenarane dine skal dyrka jorda og hausta inn for han. Det skal Mefibosjet, son til herren din, leva av, og han skal alltid eta ved mitt bord.» Siba hadde femten søner og tjue tenarar. 11Han svara kongen: «Alt det min herre kongen byd tenaren sin, skal eg gjera.»
Sidan åt Mefibosjet ved Davids bord som om han var ein av sønene til kongen. 12Mefibosjet hadde ein liten son som heitte Mika. Alle som budde i huset til Siba, var tenarar for Mefibosjet. 13Mefibosjet sjølv vart buande i Jerusalem, for han åt alltid ved kongens bord. Han var lam i begge føtene.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk