2. Samuelsbok 8

8
David sigrar i krig
1 # 1 Krøn 18,1–14 # 8,1 Meteg-Amma ukjend stad. Ei tid etter dette slo David filistrane og tvinga dei under seg. Han tok Meteg-Amma frå dei. 2#4 Mos 24,17 David vann over moabittane òg. Han baud dei leggja seg ned på jorda, og så målte han dei med ei snor. Han målte ut to snorlengder med folk som skulle drepast, og ei full snorlengd med folk som skulle få leva. Moabittane vart Davids slavar og laut betala skatt.
3 # 8,3 Soba >1 Sam 14,47. Like eins vann David over Hadadeser, son til Rehob, kongen av Soba, då han drog ut for å vinna att herredømet over landet ved Eufrat. 4#Jos 11,6.9 David tok frå han 1700 ryttarar og 20 000 fotfolk. Han skar over hasane på alle vognhestane, men 100 hestar sparte han. 5Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen av Soba. Men David felte 22 000 av dei. 6David sette ut vaktpostar i Aram-Damaskus. Dei vart slavar for David og laut betala skatt til han. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram. 7#2 Kong 11,10#8,7 Jerusalem Både =Septuaginta og eit handskrift frå =Qumran har ein lengre tekst i dette verset: «skjolda som Sjisjak, kongen av Egypt, tok då han gjorde ei hærferd mot Jerusalem i dei dagane då Rehabeam, son til Salomo, var konge». Jf. 1 Kong 14,25f. David tok gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem. 8Frå Betah og Berotai, to byar som høyrde Hadadeser til, tok kong David bronse i store mengder.
9 # 8,9 Hamat aramearrike ved elva Orontes. Jf. Lebo-Hamat. >4 Mos 13,21. Då To'i, kongen i Hamat, høyrde at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser, 10sende han Joram, son sin, til kong David. Han skulle helsa han og ønskja han til lukke med sigeren over Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt ført krig med To'i. Joram hadde med seg gåver av sølv, gull og bronse. 11#1 Kong 7,51 Alt dette helga kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folkeslaga han hadde lagt under seg, 12#8,12 edomittane Omsetjinga følgjer =Septuaginta. =Masoretteksten har «aramearane» her og i v. 13. frå edomittane, moabittane, ammonittane, filistrane og amalekittane. Det same gjorde han med hærfanget frå Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba.
13 # Sal 60,2 # 8,13 Saltdalen truleg ein dal sør for Daudehavet. David vann seg eit stort namn då han kom tilbake frå sigeren over edomittane i Saltdalen. 18 000 mann vart slegne. 14Han sette ut vaktpostar i Edom. I heile Edom sette han ut vaktpostar. Alle edomittane vart slavar for David. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
15David rådde no over heile Israel. Han fremja rett og rettferd for heile folket sitt. 16#1 Krøn 18,15–17 Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Ahilud, var kanslar. 17Sadok, son til Ahitub, og Ahimelek, son til Abjatar, var prestar og Seraja riksskrivar. 18#8,18 kretarane og pletarane livvakta til kongen. Benaja, son til Jojada, var leiar for kretarane og pletarane, og sønene til David var prestar.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring