2. Samuelsbok 5
N11NN
5
David blir konge over heile Israel
1 # 19,12; 1 Krøn 11,1–3 Alle Israels stammar kom til David i Hebron og sa: «Sjå, vi er av same bein og kjøt som du. 2#1 Sam 18,16; 25,30 Alt for lenge sidan, då Saul var konge over oss, var det du som førte Israel både ut og heim att. Herren har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.»
3 # 1 Sam 16,13; 2 Sam 2,4 Då kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron. Kong David gjorde ei pakt med dei i Hebron for Herrens andlet. Og dei salva David til konge over Israel.
4 # 1 Krøn 29,27f David var tretti år gammal då han vart konge, og han styrte i førti år. 5I Hebron var han konge over Juda i sju år og seks månader, og i Jerusalem var han konge over heile Israel og Juda i trettitre år.
David tek Jerusalem
6 # 1 Krøn 11,4–9 Kongen og mennene hans drog no til Jerusalem, mot jebusittane som budde der i landet. Men dei sa til David: «Her kjem du aldri inn! Halte og blinde skal driva deg bort og seia: Her kjem David aldri inn!» 7David tok likevel Sion-borga, som no er Davidsbyen. 8#5,8 vass-sjakta tunnel som førte frå Gihon-kjelda opp i byen. Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Den dagen sa David: «Kvar den som drep ein jebusitt, desse halte og blinde som hatar David, skal koma fram til vass-sjakta.» Difor heiter det: «Ein blind eller halt får ikkje koma inn i tempelet.»
9 # 5,9 Millo «fylling»; kanskje terrasse med festningsverk i den nordlege delen av Davidsbyen. Jf. Millo-huset, 2 Kong 12,20. Borga i Sikem blir òg kalla Millo. >Dom 9,6. David slo seg ned i borga og kalla henne Davidsbyen. Han bygde omkring henne, frå Millo og innover. 10#1 Sam 18,12; 2 Sam 3,1 David fekk stadig større makt, for Herren, allhærs Gud, var med han.
11 # 1 Krøn 14,1–3; 2 Krøn 2,3 Hiram, kongen i Tyros, sende utsendingar til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg tømrarar og steinhoggarar. Dei bygde eit slott for David.
12Då skjøna David at Herren hadde stadfest kongedømet hans over Israel og lyft kongsveldet hans høgt for sitt folk Israels skuld.
David får søner i Jerusalem
13Etter at David hadde flytt frå Hebron, tok han seg fleire følgjekoner og koner frå Jerusalem, og han fekk endå fleire søner og døtrer. 14Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo, 15Jibhar, Elisjua, Nefeg, Jafia, 16Elisjama, Eljada og Elifelet.
Siger over filistrane
17 # 1 Krøn 14,8–17 Då filistrane fekk høyra at David var salva til konge over Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og drog ned til borga. 18#5,18 Refa'im-dalen fruktbar dal sørvest for Jerusalem. Jf. Jos 15,8; 18,16. Filistrane kom og spreidde seg ut over Refa'im-dalen. 19#1 Sam 30,8 Då spurde David Herren til råds: «Skal eg dra ut mot filistrane? Vil du gje dei i mine hender?» Og Herren svara David: «Dra opp! Eg vil gje filistrane i dine hender.» 20#5,20 Baal-Perasim Perasim, fleirtal av peres, tyder «gjennombrot». Så drog David til Baal-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: «Herren har brote igjennom fiendens rekkjer føre meg, slik vatn bryt seg veg.» Difor kallar dei denne staden Baal-Perasim. 21Der lét filistrane etter seg gudebileta sine, og David og mennene hans tok dei med seg.
22Men filistrane drog igjen opp og spreidde seg ut over Refa'im-dalen. 23#5,23 baka-trea Det er usikkert kva slag tre dette er, kanskje balsamtre. Då spurde David Herren til råds, og han svara: «Du skal ikkje dra beint opp mot dei. Gå rundt og bak dei, så kjem du på dei midt framfor baka-trea. 24Når du høyrer lyden av marsjgang over tretoppane, så gjer deg klar! For då dreg Herren ut framfor deg for å slå filistarhæren.» 25David gjorde som Herren hadde sagt han. Han slo filistrane og forfølgde dei frå Geba og nesten til Geser.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk