2. Samuelsbok 21
N11NN

2. Samuelsbok 21

21
Mennene i Gibeon tek hemn
1I Davids styringstid var det ein gong hungersnaud i tre samfulle år. Då søkte David råd hos Herren. Herren svara: «Det kviler blodskuld på Saul og hans hus fordi han drap folk i Gibeon.» 2#Jos 9,15.19 Kongen kalla då til seg gibeonittane og tala med dei. Gibeonittane var ikkje israelittar, men høyrde til dei amorittane som var att i landet. Endå israelittane hadde lova å skåna dei, hadde Saul prøvd å drepa dei, ihuga som han var for israelittane og judearane. 3David sa til mennene frå Gibeon: «Kva skal eg gjera for dykk, og korleis kan eg gjera soning så de kan velsigna landet Herren eig?» 4Gibeonittane svara: «Sølv eller gull frå Saul og hans hus løyser ikkje denne saka, og vi har ikkje rett til å drepa nokon i Israel.» Kongen spurde: «Kva vil de så at eg skal gjera for dykk?» 5Dei svara: «Det gjeld den mannen som ville gjera ende på oss og sette seg føre å rydda oss ut frå Israels område. 6Lat oss få sju av etterkomarane hans, så skal vi avretta dei for Herren i Gibea, heimbyen til Saul, Herrens utvalde.» Då sa kongen: «De skal få dei.» 7#1 Sam 18,3; 20,23 Men kongen sparte Mefibosjet, son til Jonatan, son til Saul, fordi David og Jonatan, son til Saul, hadde svore kvarandre ein eid ved Herren. 8#1 Sam 18,19 Kongen tok dei to sønene som Saul hadde fått med Rispa, dotter av Ajja, Armoni og Mefibosjet, og dei fem sønene som Mikal, dotter av Saul, hadde fått med Adriel, son til Barsillai frå Mehola. 9Han gav dei i hendene på gibeonittane, som drap dei oppe på fjellet for Herrens andlet. Slik kom dei av dage alle sju på ein gong. Dei vart drepne i dei første dagane av innhaustinga, tidleg i bygghausten.
10 # 1 Mos 15,11; 1 Kong 14,11 Rispa, dotter av Ajja, tok sekkestrie og breidde ut på berget. På den vart ho sitjande frå kornskurden tok til og til regnet strøymde ned over dei døde frå himmelen. Ho såg til at fuglane under himmelen ikkje slo ned på dei om dagen, og at villdyra ikkje tok dei om natta. 11Då David fekk høyra kva Rispa, dotter til Ajja, følgjekona til Saul, hadde gjort, 12#1 Sam 31,12f drog han av stad og henta knoklane av Saul og Jonatan, son hans, frå Jabesj i Gilead. Innbyggjarane der hadde i løynd teke lika bort frå torget i Bet-Sjean; der hadde filistrane hengt dei opp den dagen dei slo Saul på Gilboa. 13David tok knoklane av Saul og Jonatan, son hans, derifrå; så samla dei saman knoklane av dei som hadde vorte drepne. 14Dei gravla knoklane av Saul og Jonatan, son hans, i Sela i Benjamin, i grava til Kisj, far til Saul. Alt vart gjort slik kongen hadde sagt. Etter dette høyrde Gud bønene som igjen steig opp frå landet.
Hendingar under filistarkrigane
15Endå ein gong braut det ut krig mellom filistrane og israelittane. David og mennene hans drog ned og kjempa mot filistrane. Men David vart trøytt og sliten. 16#21,16 Rafa stamfar til refaittane, som gjekk for å vera store som kjemper. I 1 Krøn 20,4 er òg Rafa-slekta knytt til Filistarlandet. Elles ser det ut til at dei har halde til i Austjordanlandet. Jf. 5 Mos 3,11. 300 sjekel ca. 3,5 kg. Då tenkte Jisjbi-Benob, ein av etterkomarane av Rafa, å fella han. Jisjbi-Benob hadde eit bronsespyd som vog tre hundre sjekel, og han bar ei ny rustning. 17#1 Kong 11,36; 15,4; 2 Kong 8,19 Men Abisjai, son til Seruja, kom David til hjelp. Han slo filistaren i hel. Då svor Davids menn ein eid og sa: «Aldri meir skal du dra med oss ut i krigen. Du skal ikkje sløkkja Israels lampe.»
18 # 1 Krøn 20,4–8 Sidan kom det til nye kampar med filistrane, ved Gob. Der felte husjitten Sibbekai ein mann som heitte Saf og var ein av etterkomarane av Rafa. 19#1 Sam 17,7 Endå ein gong kom det til slag med filistrane ved Gob, og Elhanan, son til Jaare-Orgim frå Betlehem, felte Goliat frå Gat, han som hadde eit spydskaft så tjukt som ein vevbom. 20Sidan kom det til slag ved Gat. Der var det ein kjempehøg mann som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, tjuefire fingrar og tær i alt. Han høyrde òg til Rafa-slekta. 21Mannen spotta Israel. Men Jonatan, son til Sjima, som var bror til David, hogg han ned. 22Alle desse fire høyrde til Rafa-slekta i Gat. David og mennene hans felte dei.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk