2. Samuelsbok 10
N11NN

2. Samuelsbok 10

10
Krig med ammonittane og aramearane
1 # 1 Krøn 19,1–5 Ei tid etter døydde kongen over ammonittane, og Hanun, son hans, vart konge etter han. 2Då sa David: «Eg vil gjera godt mot Hanun, son til Nahasj, slik far hans gjorde godt mot meg.» Så sende David nokre av mennene sine for å trøysta han i sorga over faren. Men då mennene til David kom til ammonittlandet, 3#10,3 byen Rabba, hovudstaden i Ammon. I dag heiter byen Amman. sa dei ammonittiske feltherrane til Hanun, herren sin: «Trur du det er for å æra far din at David sender folk som skal trøysta deg? Nei, David har nok heller sendt mennene sine til deg for å spionera og utforska og endevenda byen.» 4Då greip Hanun mennene til David. Han barberte av dei halve skjegget, klipte kleda deira i to opp til baken og sende dei frå seg. 5Då David fekk melding om dette, sende han folk til møtes med mennene, for dei hadde vorte stygt vanæra. Kongen sa til dei: «Hald dykk i Jeriko til skjegget har vakse ut att. Så kan de koma heim.»
6 # 1 Krøn 19,6–19 # 10,6 Bet-Rehob, Soba, Maaka, Tob arameiske smårike. Ammonittane skjøna at dei hadde gjort seg hata av David. Dei sende ut folk og leigde 20 000 fotfolk av aramearane i Bet-Rehob og Soba, 1000 mann av kongen i Maaka og 12 000 mann frå Tob. 7Då David høyrde dette, sende han Joab av stad med elitetroppane i hæren. 8Ammonittane drog ut og fylka seg til kamp framfor byporten. Aramearane frå Soba og Rehob og mennene frå Tob og Maaka stod for seg sjølve på open mark. 9Då Joab såg at fienden truga både framanfrå og bakanfrå, valde han ut nokre av dei beste krigarane i Israel og stilte dei opp mot aramearane. 10Resten av hæren lét han Abisjai, bror sin, få hand over og fylka dei mot ammonittane. 11Så sa han: «Blir aramearane for sterke for meg, må du koma meg til hjelp. Og blir ammonittane for sterke for deg, skal eg koma og hjelpa deg. 12#5 Mos 20,1; 1 Sam 3,18 Ver sterk! Lat oss vera uredde i striden for folket vårt og for byane til vår Gud, så får Herren gjera det som er best i hans auge.» 13Så gjekk Joab og mennene hans til åtak på aramearane, og dei flykta for han. 14Ammonittane såg at aramearane flykta. Då flykta dei for Abisjai og kom seg inn i byen. Joab avbraut felttoget mot ammonittane og drog tilbake til Jerusalem.
15Då aramearane såg at dei hadde tapt for israelittane, samla dei seg att. 16#10,16 Helam stad i den nordlege delen av Austjordanlandet. Hadadeser sende bod til aramearane på andre sida av Eufrat om å ta ut, og dei kom til Helam. Sjobak, hærføraren til Hadadeser, førte dei. 17Då David fekk melding om dette, samla han alle israelittane, sette over Jordan og drog til Helam. Aramearane fylka seg mot David og gjekk til åtak på han. 18Men aramearane laut flykta for israelittane, og David drap mannskapet på 700 av stridsvognene til aramearane og 40 000 ryttarar. Sjobak, hærføraren, fekk òg banesår og døydde der.
19Då alle vasallkongane som stod under Hadadeser, såg at dei hadde tapt for israelittane, slutta dei fred med dei og gav seg under Israel. Sidan torde ikkje aramearane hjelpa ammonittane meir.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.