2. Kongebok 11
N11NN
11
Joasj blir konge i Juda
1 # 2 Krøn 22,10ff Då Atalja, mor til Ahasja, fekk vita at son hennar var død, byrja ho med ein gong å rydda ut heile kongsætta. 2#11,2 sovesal sannsynlegvis i eit anneks til tempelet. Men Josjeba, dotter til kong Joram og syster til Ahasja, tok i løynd Joasj, son til Ahasja, bort frå dei kongssønene som skulle drepast. Ho førte han og fostermor hans inn på ein sovesal. Der gøymde dei han for Atalja, så han ikkje vart drepen. 3I seks år heldt han seg løynd hos henne i Herrens hus medan Atalja styrte i landet.
4 # 2 Krøn 23,1ff Men i det sjuande året sende presten Jojada bod etter hundremannsførarane for livvakta og for vaktmennene og lét dei koma til seg i Herrens hus. Han gjorde ei pakt med dei og tok dei i eid i Herrens hus. Så viste han dei kongssonen 5og gav dei ordre om kva dei skulle gjera: «Den tredjeparten av dykk som gjer teneste ved kongeborga på sabbatsdagen, 6den tredjedelen som er ved Sur-porten, og den tredjedelen som er ved porten bak vaktmennene, de skal skiftevis halda vakt ved Herrens hus. 7Og dei to avdelingane av alle dykk som skulle ha avløysing på sabbaten, skal halda vakt over kongen i Herrens hus. 8De skal stilla dykk i ein ring rundt kongen, kvar mann med våpen i hand. Om nokon trengjer seg inn i rekkjene, skal han døy. De må følgja kongen kvar han går og står.»
9Hundremannsførarane gjorde i eitt og alt som presten Jojada gav ordre om. Kvar tok sine menn; dei tok både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing, og kom til presten Jojada. 10Presten gav hundremannsførarane dei spyda og skjolda som hadde høyrt kong David til, og som var i Herrens hus. 11Og vaktmennene stilte seg opp, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av tempelet, nær ved altaret og huset, i ein ring rundt kongen. 12#1 Sam 10,24; 1 Kong 1,25.39 Så førte Jojada kongssonen ut, sette krona på han og gav han kongesymbola. Dei ropa han ut til konge og salva han, klappa i hendene og ropa: «Leve kongen!»
13Då Atalja høyrde ropa frå vaktmennene og folkemengda, gjekk ho opp til folket i Herrens hus. 14#11,14 ved søyla ei av søylene framfor inngangen til tempelet. Jf. 1 Kong 7,15ff. Der fekk ho sjå kongen stå ved søyla, som skikken var, og stormennene og hornblåsarane attmed han, medan heile folket jubla og bles i trompetar. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Svik, svik!» 15Men presten Jojada gav hundremannsførarane, dei som stod i spissen for hæren, denne ordren: «Før henne ut mellom rekkjene! Følgjer nokon etter henne, så drep han med sverd.» For presten hadde sagt: «Ho må ikkje drepast i Herrens hus!» 16Så greip dei Atalja. Og då ho var komen gjennom Hesteporten og inn i kongeborga, vart ho drepen der.
17Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom Herren og kongen og folket: Dei skulle vera Herrens folk. Mellom kongen og folket gjorde han òg ei pakt. 18#10,26f; 2 Krøn 31,1 Så gjekk heile folkemengda til Baal-tempelet og reiv det ned. Altara og gudebileta knuste dei, og Baal-presten Mattan drap dei framfor altaret.
Presten Jojada sette ut vaktpostar ved Herrens hus. 19Så tok han med seg hundremannsførarane, livvakta, vaktmennene og heile folkemengda. Dei førte kongen ned frå Herrens hus og følgde han inn i kongeborga gjennom Vaktporten. Der sette han seg på trona. 20Heile folket jubla, og det var ro i byen. Men Atalja hadde dei drepe med sverd i kongeborga. 21Joasj var sju år gammal då han vart konge.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk