2. Timoteus 4

4
Fullfør løpet
1 # Matt 25,31ff; Apg 10,42+ Så sant som han kjem og opprettar sitt rike, byd eg deg framfor Guds og Kristi Jesu andlet, han som skal dømma levande og døde: 2Forkynn Ordet, stå klar i tide og utide, vis til rette, tal til tukt og tal til trøyst, og gjer alt med tolmodig undervising! 3#Apg 20,29f; 1 Tim 1,10; 4,6; 6,3; 2 Tim 1,13; Tit 1,9.13; 2,1.8 For det skal koma ei tid då folk ikkje toler den sunne læra, men etter eige hovud tek seg lærarar i hopetal, for dei vil ha det som kilar i øyret. 4Dei skal venda øyret frå sanninga og halda seg til mytar. 5#1,8; 2,3 Men du skal vera edru i alt det du gjer! Ber lidingane, gjer evangelistens gjerning og fullfør di teneste!
6 # Fil 2,17 For eg blir no ofra, og tida er komen då eg skal fara herifrå. 7#Apg 20,24; 1 Kor 9,24f+; Fil 3,14 Eg har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua. 8#2,5+ No ligg rettferdskransen ferdig for meg, den som Herren, den rettferdige dommaren, skal gje meg på den store dagen, og ikkje berre meg, men alle som har lengta med kjærleik etter at han skal koma.
Vener og motstandarar
9Skund deg og kom til meg så fort du kan. 10#Kol 4,14; Tit 1,4+; Filem 24 For Demas gjekk frå meg fordi han fekk denne verda kjær. Han har reist til Tessalonika. Kreskens har reist til Galatia, Titus til Dalmatia. 11#Kol 4,14; Filem 24 Berre Lukas er hos meg. Ta med deg Markus når du kjem; han er til stor hjelp for meg i tenesta. 12#Apg 20,4; Ef 6,21; Kol 4,7; Tit 3,12 Tykikos har eg sendt til Efesos. 13Når du kjem, så ta med deg den kappa eg lét vera att i Troas hos Karpos, og bøkene, framfor alt pergamentrullane. 14#Ordt 24,12; Rom 2,6, 1 Tim 1,20 Koparsmeden Aleksander har gjort meg mykje vondt. Herren skal gje han att etter hans gjerningar. 15Pass deg for han, du òg, for han har gått hardt imot forkynninga vår.
16 # Luk 23,34 Første gongen eg forsvara meg i retten, var det ingen som stod fram og hjelpte meg. Alle forlét meg. Gjev det ikkje må bli tilrekna dei! 17#Sal 22,22; Apg 23,11; 27,23 Men Herren var med meg og styrkte meg, så forkynninga skulle fullførast og alle folkeslag få høyra – og eg vart berga ut or løvegapet. 18#Rom 16,27; Gal 1,5; Ef 3,21; 1 Tim 1,17; Jud 25 Ja, Herren skal berga meg frå alt vondt og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Han vere ære i all æve! Amen.
19 # Apg 18,2f; Rom 16,3; 1 Kor 16,19 Hels Priska og Akvilas og alle i heimen til Onesiforos. 20#Apg 19,22; 20,4 Erastos vart att i Korint, og Trofimos lét eg vera att i Miletos, for han var sjuk. 21#4,9 Skund deg og kom før vinteren!
Eubulos, Pudens, Linus, Klaudia og alle syskena sender si helsing.
22 # Gal 6,18; Fil 4,23; Filem 25 Herren vere med di ånd! Nåden vere med dykk!

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring