2. Samuelsbok 11

11
David og Batseba
1 # 1 Krøn 20,1 # 11,1 på den tid … krig om våren. Året etter, på den tid då kongane plar fara i krig, sende David ut Joab med mennene sine, heile Israels-hæren. Dei herja mellom ammonittane og kringsette Rabba. Sjølv sat David heime i Jerusalem.
2Ein gong ved kveldstid hende det at David stod opp frå senga si og gjekk og dreiv på slottstaket. Frå taket fekk han sjå ei kvinne som bada. Kvinna var svært vakker. 3David sende bod og spurde seg føre om henne. Han fekk til svar: «Det er Batseba, dotter av Eliam og kona til hetitten Uria.» 4#3 Mos 15,19 David sende bod og henta henne til seg. Ho kom til han, og han låg med henne. Ho hadde nett reinsa seg etter at ho hadde vore urein. Sidan gjekk ho heim att.
5Men kvinna hadde vorte med barn. Ho sende bod til David med orda: «Eg skal ha barn.» 6Då sende David bod til Joab: «Lat hetitten Uria koma hit til meg.» Og Joab sende Uria til David. 7Då Uria kom, spurde David korleis det stod til med Joab og hæren, og korleis det gjekk med krigen. 8Så sa David til han: «Gå no heim og vask føtene dine!» Og då Uria gjekk ut frå kongeborga, sende kongen ei gåve etter han.
9Men Uria la seg i porten til kongeborga saman med alle tenarane til kongen. Han gjekk ikkje heim. 10Då David fekk vita at Uria ikkje hadde gått heim, sa han til han: «Har du ikkje vore på reise? Kvifor har du ikkje gått heim?» 11#1 Sam 4,3f Uria svara David: «Både israelittane og judearane, og paktkista med, held til i hytter. Joab, herren min, og mennene til kongen ligg i leir på open mark. Skulle eg då gå heim, eta og drikka og liggja med kona mi? Ved ditt liv, så sant du lever, det gjer eg ikkje!» 12Då sa David til Uria: «Ver her i dag òg! I morgon sender eg deg av stad att.» Så vart Uria verande i Jerusalem den dagen og dagen etter. 13David bad han til seg, åt og drakk saman med han og skjenkte han full. Men om kvelden gjekk Uria og la seg på plassen sin saman med tenarane til herren sin. Heim gjekk han ikkje.
14Morgonen etter skreiv David eit brev til Joab og sende det med Uria. 15I brevet skreiv han: «Set Uria lengst framme, der striden er hardast. Trekk dykk så tilbake frå han, så han fell og mistar livet!» 16Joab, som låg og vakta på byen, sette då Uria på ein stad der han visste det stod tapre krigarar. 17Mennene i byen drog ut og gjekk til åtak på Joab. Nokre av krigarane til David fall, og hetitten Uria døydde òg.
18Joab sende bod til David med melding om korleis det hadde gått i kampen. 19Han gav bodberaren dette bodet: «Når du har fortalt kongen korleis det gjekk i kampen, 20kan det henda at han fyk opp i sinne og seier: Kvifor kom de så nær inn til byen i kampen? De måtte då skjøna at dei ville skyta ned mot dykk frå bymuren! 21#Dom 9,50ff#11,21 Jerubbesjet forvanska form av Jerubbaal, som var eit anna namn på Gideon. Jf. Dom 6,32. >2,8; 4,4. Kven var det som drap Abimelek, son til Jerubbesjet? Var det ikkje ei kvinne som kasta ein kvernstein ned på han frå muren i Tebes, så han døydde? Kvifor gjekk de då så nær inntil muren? – Då skal du svara: Hetitten Uria, tenaren din, mista livet, han òg.»
22Bodberaren tok ut og kom til David med den meldinga han hadde fått av Joab. 23Han sa til David: «Fienden fekk overtaket og tok ut mot oss på open mark. Men vi dreiv dei tilbake til byporten. 24Då skaut bogeskyttarane på oss oppe frå muren, og nokre av kongsmennene fall. Hetitten Uria, tenaren din, er òg død.» 25#2,26 Då sa David til bodberaren: «Sei til Joab at han skal ikkje la dette gå inn på seg. For sverdet råkar snart den eine, snart den andre. Han skal halda fram med å kjempa mot byen og riva han ned. Bed han vera ved godt mot.»
26Då kona til Uria fekk høyra at mannen hennar var fallen, heldt ho sørgjehøgtid over han. 27Men då sørgjetida var over, sende David bod og henta henne heim til seg. Ho vart kona hans, og ho fødde han ein son. Men det som David hadde gjort, var vondt i Herrens auge.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring