2. Korintar 6

6
Tolmod i tenesta
1Som hans medarbeidarar legg vi dykk òg på hjartet at de ikkje må ta imot Guds nåde til inga nytte. 2#Jes 49,8 For han seier:
I rette tid bønhøyrde eg deg,
på frelsedagen hjelpte eg deg.
Sjå, no er den rette tid, no er frelsedagen!
3 # 6,3 tenesta Nokre handskrifter har «tenesta vår». Vi gjev ikkje menneske nokon grunn til å bli støytte bort, så tenesta ikkje skal bli spotta. 4#4,9+#6,4–5.8–10 >4,8. Nei, i alt står vi fram som Guds tenarar: med stort tolmod i motgang, naud og angst, 5under slag, i fengsel og i opptøyar, i hardt arbeid, i nattevaking og svolt. 6Med reinleik og visdom går vi fram, med tolmod og godleik, i Den heilage ande, med kjærleik utan svik, 7#Ef 6,11ff#6,7 med rettferds våpen i høgre og venstre hand Ein romersk soldat hadde i venstre handa eit stort skjold til forsvar, i høgre handa eit langt spyd eller sverd til åtak. med sannings ord og i Guds kraft, med rettferds våpen i høgre og venstre hand, 8om vi får ære eller vanære, om folk talar vondt eller vel om oss. Dei seier at vi fører folk vill, men vi talar sant, 9#Sal 118,18; 2 Kor 4,10f vi er ukjende, men velkjende, vi er døyande, og sjå, vi lever! Vi blir slegne, men ikkje ihelslegne, 10#7,4 vi sørgjer, men er alltid glade, vi er fattige, men gjer mange rike, vi har ingen ting, men eig alt.
11 # 7,3 Vi har tala rett ut til dykk, korintarar, de har stort rom i hjartet vårt. 12De har det ikkje trongt hos oss; det er i dykkar eige indre det er trongt. 13Men no snakkar eg som til born: Gjer gjengjeld! Opna dykk for oss.
Den levande Guds tempel
14 # Ef 5,7.11 # 6,14 framandt åk I 5 Mos 22,10 finn vi eit forbod mot å pløya med okse og esel saman. Her brukt i overført tyding. Gå ikkje under framandt åk saman med slike som ikkje trur! For kva har rettferd med urett å gjera, og kva har lys til felles med mørker? 15#1 Kor 10,21#6,15 Beliar jødisk namn på =djevelen. Korleis kan Kristus og Beliar samstemma? Kva sameinar ein truande og ein vantru? 16#3 Mos 26,11f; Esek 37,27; 1 Kor 3,16+ Korleis kan Guds tempel og avgudane forlikast? For vi er den levande Guds tempel, som Gud har sagt:
Eg vil bu og ferdast midt mellom dei;
eg skal vera deira Gud,
og dei skal vera mitt folk.
17 # Jes 52,11; Jer 51,45; Op 18,4 Difor seier Herren:
Dra bort frå dei
og skil dykk frå dei.
Rør ikkje noko ureint!
Då vil eg ta imot dykk;
18 # 2 Sam 7,14; Jer 31,9 eg vil vera dykkar far,
og de skal vera mine søner og døtrer,
seier Herren, Den allmektige.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring