2. Korintar 3
N11NN
3
Tenarar for ei ny pakt
1 # 5,12; 10,12ff Byrjar vi no igjen å koma med lovord om oss sjølve? Eller treng vi, som visse andre, brev med tilråding frå dykk eller til dykk? 2#1 Kor 9,2#3,2 i hjarta våre Nokre handskrifter har «i hjarta dykkar». Nei, de er sjølve vårt tilrådingsbrev, skrive i hjarta våre, kjent og lese av alle menneske. 3#3,3 steintavler Gud gav Moses to steintavler med lova og boda, 2 Mos 24,12; 31,18. tavler av kjøt og blod viser til Guds lovnad om å gje folket eit kjøthjarte i staden for steinhjartet deira. Jf. Jer 31,33; Esek 11,19; 36,26. For de viser at de er Kristi brev, som har vorte til ved vår teneste. Det er ikkje skrive med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavler, men i hjarta, på tavler av kjøt og blod.
4Denne tilliten har vi til Gud ved Kristus. 5#2,16 Men dette er vi ikkje i stand til av oss sjølve; vi kan ikkje tenkja ut noko som om det kom frå oss. Nei, berre ved Gud er vi i stand til dette, 6#Esek 37,5f.9f.14; Matt 26,28+; Joh 6,63; Rom 7,6 han som òg gjorde oss til tenarar for ei ny pakt som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. 7#2 Mos 34,29f Sjølv den tenesta som førte til død, den som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var omgjeven av ein slik herlegdom og glans at israelittane ikkje greidde å sjå Moses i andletet. Så sterkt stråla det, endå det var ein glans som vart borte. 8Kor mykje sterkare glans har ikkje då Andens teneste? 9#Rom 1,17; 3,21 For var det ein herleg glans kring den tenesta som førte til fordømming, så må den tenesta som fører til rettferd, stråla med ein endå rikare glans. 10Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mista glansen sin. For no strålar ein herlegdom som er så uendeleg mykje klårare. 11For når det var herleg, det som vart borte, kor mykje herlegare må ikkje då det stråla som blir ståande?
12Når vi no har slikt eit håp, går vi frimodig fram. 13#2 Mos 34,33ff Vi gjer ikkje som Moses, som la eit slør over andletet så israelittane ikkje skulle sjå den minkande glansen før han var borte. 14#Rom 10,4; 11,7ff.25#3,14 den gamle pakta I Bibelen er uttrykket berre brukt her. Det viser til Sinaipakta. =pakt. Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sløret der når dei les frå den gamle pakta, og det blir ikkje fjerna, for det er i Kristus det blir teke bort. 15Ja, heilt til denne dag ligg det eit slør over hjartet deira når det blir lese frå Moselova. 16#Rom 11,23.26Men når dei vender om til Herren, blir sløret teke bort. 17#Joh 4,24; 8,36; Rom 8,2Herren, det er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18#Rom 8,29 Men vi som utan slør over andletet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omdanna til dette biletet, frå herlegdom til herlegdom, og dette skjer ved Herrens Ande.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk