2. Krønikebok 29

29
Kong Hiskias reform
1 # 2 Kong 18,1–4 Hiskia vart konge då han var tjuefem år gammal, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Abia og var dotter til Sakarja. 2Hiskia gjorde det som rett var i Herrens auge, i eitt og alt slik David, stamfar hans, hadde gjort. 3#28,24 I det første styringsåret sitt, i den første månaden, opna han dørene til Herrens hus og sette dei i stand. 4Så lét han prestane og levittane koma, og han samla dei på den opne plassen i aust. 5Han sa til dei:
«Høyr på meg, de levittar! No skal de helga dykk sjølve og helga huset til Herren, dykkar fedrars Gud, og få ureinskapen ut or heilagdomen! 6For fedrane våre har vore trulause. Dei har gjort det som vondt er i Herrens auge, og forlate han. Dei har vendt andletet bort frå Herrens bustad og snudd ryggen til. 7Dei har jamvel stengt dørene til forhallen og sløkt lampene, og dei har ikkje brent røykjelse. Dei har heller ikkje bore fram brennoffer i heilagdomen for Israels Gud. 8#5 Mos 28,25 Difor er Herrens harme komen over Juda og Jerusalem. Han har gjeve dei over til redsle, øydelegging og spott, som de ser med eigne auge. 9Sjå, difor er fedrane våre falne for sverd, og sønene og døtrene og konene våre er i fangenskap. 10No ligg det meg på hjartet å gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, så den brennande vreiden hans kan venda seg frå oss. 11#2 Mos 28,1; 4 Mos 3,10 Ver no ikkje likesæle, sønene mine! For dykk har Herren valt ut til å stå for hans andlet og tena han, til å vera tenarane hans og brenna røykjelse.»
12 # 1 Krøn 6,44 Då stod desse levittane fram: av Kehat-sønene Mahat, son til Amasai, og Joel, son til Asarja; av Merari-sønene Kisj, son til Abdi, og Asarja, son til Jehallelel; av Gersjon-sønene Joah, son til Simma, og Eden, son til Joah; 13av Elisafan-sønene Sjimri og Je'uel; av Asaf-sønene Sakarja og Mattanja; 14av Heman-sønene Jehuel og Sjimi; av Jedutun-sønene Sjemaja og Ussiel. 15Då dei hadde samla brørne sine og helga seg, gjekk dei inn i Herrens hus for å reinsa det, som kongen hadde bode dei etter Herrens ord.
16Så gjekk prestane inn i Herrens hus for å reinsa det. Alt ureint som dei fann i Herrens tempel, bar dei ut i føregarden. Der tok levittane imot det og førte det ut til Kedron-dalen. 17Den første dagen i den første månaden tok dei til med vigslinga, og den åttande dagen var dei komne til Herrens forhall. Så helga dei tempelet i åtte dagar, og den sekstande dagen i den første månaden var dei ferdige.
18Då gjekk dei inn til kong Hiskia og sa: «Vi har reinsa heile Herrens hus, brennofferaltaret med alt som høyrer til, og skodebrødsbordet med alt som høyrer til. 19#28,24 Vi har sett i stand og helga alt det utstyret som Ahas i si truløyse fjerna då han var konge. No står det på plass ved Herrens altar.»
20Tidleg neste morgon samla kong Hiskia stormennene i byen og gjekk opp til Herrens hus. 21Dei kom med sju oksar, sju vêrar, sju lam og sju geitebukkar til syndoffer for riket, for heilagdomen og for judearane. Og kongen baud Aron-sønene, prestane, å ofra dei på Herrens altar. 22Dei slakta oksane, og prestane tok imot blodet og stenka det på altaret. Så slakta dei vêrane og stenka blodet på altaret. Og dei slakta lamma og stenka blodet på altaret. 23Sidan leidde dei syndofferbukkane fram for kongen og forsamlinga. Dei la hendene sine på dei. 24Prestane slakta dei og bar fram blodet til altaret som eit syndoffer, til soning for heile Israel. For kongen hadde sagt at brennofferet og syndofferet skulle vera for heile Israel.
25 # 1 Krøn 25,1 Så lét han levittane stilla seg opp i Herrens hus med symbalar, harper og lyrer, som David og Gad, sjåaren til kongen, og Natan, profeten, hadde bode. For det var Herren sjølv som hadde gjeve dette påbodet gjennom profetane sine. 26#29,26 musikkinstrumenta til David Jf. 1 Krøn 15,16; 23,5; 2 Krøn 7,6. Så stod då levittane der med musikkinstrumenta til David, og prestane med trompetar. 27Då baud Hiskia at brennofferet skulle berast fram på altaret. Og med det same ofringa tok til, sette songen for Herren og trompetane i, saman med instrumenta til David, Israels konge.
28Heile forsamlinga bøygde seg og tilbad medan songen ljoma og trompetane klang, og det heldt ved til ofringa var slutt. 29Då dei var ferdige med ofringa, fall dei på kne og tilbad, både kongen og alle som var saman med han. 30#29,30 ord av David og sjåaren Asaf salmar frå Salmane, der David og Asaf ofte er nemnde som forfattarar. Jf. Sal 3,1; 73,1. Så baud kong Hiskia og stormennene at levittane skulle lovsyngja Herren med ord av David og sjåaren Asaf. Og dei song lovsongar med stor glede og bøygde seg ned i tilbeding.
31Då tok Hiskia til orde og sa: «De har no vigd dykk til Herren. Kom, ber fram slaktoffer og takkoffer til Herrens hus!» Og forsamlinga kom med slaktoffer og takkoffer, og alle som hadde eit villig hjarte, kom med brennoffer òg. 32Talet på dei brennoffera som forsamlinga bar fram, var sytti oksar, hundre vêrar og to hundre lam. Alt dette var til brennoffer for Herren. 33Dei andre heilage offergåvene var seks hundre oksar og tre tusen sauer. 34Men prestane var for få til å flå alle brennofferdyra. Difor fekk dei hjelp av levittane, brørne sine, til arbeidet var fullført og alle prestane hadde helga seg. For levittane hadde helga seg av eit oppriktig hjarte, meir enn prestane. 35Attåt den store mengda med brennoffer kom feittet av fredsoffera og drikkoffera som høyrde brennoffera til. Såleis kom tenesta i Herrens hus i rett skikk. 36Hiskia og heile folket gledde seg over det som Gud hadde gjort for folket, for alt hadde gått så fort.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring