1. Samuelsbok 31
N11NN

1. Samuelsbok 31

31
Saul døyr
1 # 1 Krøn 10,1–12 Filistrane førte krig mot Israel. Då flykta israelittane for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet. 2#14,49 Filistrane var like i hælane på Saul og sønene hans, og dei felte Jonatan, Abinadab og Malkisjua, sønene til Saul. 3Saul var hardt pressa i kampen. Bogeskyttarane kom over han, og han skalv av redsle for dei. 4#Dom 9,54 Då sa Saul til våpenberaren sin: «Dra sverdet og støyt det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og stikka meg ned og fara ille med meg.» Men våpenberaren ville ikkje; han var for redd. Då tok Saul sjølv sverdet og styrta seg mot det. 5Då våpenberaren såg at Saul var død, styrta han seg mot sverdet sitt og følgde Saul i døden. 6Den dagen fall Saul og dei tre sønene hans, våpenberaren og alle Sauls menn. 7Då dei israelittane som budde på den andre sida av dalen og av Jordan, såg at Israels soldatar hadde flykta, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og flykta. Og filistrane kom og slo seg ned der.
8Dagen etter kom filistrane og ville plyndra dei døde. Då fann dei Saul og dei tre sønene hans som låg falne på Gilboa-fjellet. 9#17,54 Dei hogg hovudet av Saul og tok våpna hans. Så sende dei bod rundt om i filistarlandet for å ropa ut sigersbodskapen for folket og ved templa der gudebileta stod. 10Våpna hans la dei ned i Astarte-tempelet, og kroppen hengde dei opp på muren i Bet-Sjean.
11 # 11,1ff Då innbyggjarane i Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistrane hadde gjort med Saul, 12braut alle våpenføre menn opp og gjekk heile natta. Dei tok kroppane til Saul og sønene hans ned frå muren i Bet-Sjean. Då dei kom til Jabesj, brende dei kroppane der. 13#2 Sam 1,12; 21,12 Dei tok knoklane deira og gravla dei under tamarisken i Jabesj. Så fasta dei i sju dagar.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk